Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Eg tilstår at eg er ein lukkeleg forskar på eit norsk universitet! Eg veit det ikkje er klokt å seia det, sidan det er ei kjennsgjerning at den som klagar mykje skal få meir og den som ikkje klagar skal mista alt han har. Men det som byrja som ei nesten umerkeleg tvil om det verkeleg er slik at det er så dårleg stelt på universiteta i Noreg at domedag er like om hjørnet, har no vorte ei overtyding: Det går ikkje til Helvete trass undervisningsreformer, tellekantar og strame budsjett. Eg forbannar den dagen slike kjetteriske tankar sneik seg inn i mitt tankeunivers ein augneblink eg ikkje var på vakt! Men det er for seint, og no har eg altså innrømma det. Bål og brann vert vel det neste. Eg tilstår at eg gledar meg til å gå på jobb. Sjølv på dårlege dagar, når ungane har vore trøytte og ikkje vil står opp, når eg halsar av garde til endelause og nyttelause møte eg ikkje har fått førebudd meg til, og når eg bare så vidt er innom kontoret der bunkar med papir ligg på skrivebordet som monument over enno uskrivne artiklar, så går meg på jobb med glede. Eg vert stadig freista til å slå av ein prat med kollegane mine, både dei som forskar og dei som administrerer, fordi mange av dei er så trivelege. Og det finst fleire kjekke kollegaer å invitera ut på lunsj enn høve til å gjera det. Men når eg har gjort det har eg enno dårlegare samvit, for dommedagskjensla vert bare enno fjernare etter ein god samtale med ein kollega. Eg tilstår at eg ikkje er misunneleg på nokon av mine kollegaer på universitet i utlandet. Eg tilstår til og med at eg ikkje kan sjå at dei jamt over har betre tid til å forska, betre høve til å reisa på seminar, ein meir samarbeidsviljug og effektiv administrasjon å halda seg til, betre kontorfasilitetar, betre pc-utstyr eller betre løn. Snarare opplever eg at dei er misunneleg på meg. Og sjølv om eg ikkje likar å erkjenna det, så nyt eg å plaga dei med å fortelja om dei gode vilkåra eg har som forskar i Noreg. Eg har altså mange synder på samvitet. Eg tilstår at eg heller ikkje kan seia å vera misunneleg på mine forgjengarar som forskar ved eit norsk universitet. Eg ønskjer meg ikkje tilbake til ei fjern fortid då studentane betalte for førelesingar og ein som professor måtte prova sine kvalifikasjonar med årlege disputasar. Heller ikkje ønskjer eg meg tilbake til ein nær fortid med få stillingar å søkja, med små kollegium, med få høve til å reisa på seminar, og med studentane på god avstand. Snarare nyt eg å vera del av større fagmiljø, av å kryssa faggrenser og landegrenser for å henta impulsar, og å undervisa og rettleia studentar som har uventa innfallsvinklar og spørsmål til det ein sjølv har slutta å undra seg over. Heller ønskjer eg at universitetet skal endra seg enno mykje meir i staden for å gå inn i framtida med ryggen fyrst. Eg veit eg ikkje burde tenkja slike tankar, men erkjenner å ha gjort det i mange år alt. Eg tilstår at eg har ved eit høve bytta arbeidsplass fordi eg kom i konflikt med leiinga. Eg må òg innrømma eg i dag er professor i fast stilling med meir enn vanleg universitetsløn, og slik må seiast å vera mellom dei mest privilegerte på norske universitet. Med andre ord så veit eg at det, av ulike grunnar, er mogeleg å vera i ei stilling eller ein situasjon som gjer at kvardagen på eit norsk universitet ikkje er så rosenraud. Og eg må innrømma at til tider er eg så frustrert over universitetspolitikken – og byråkratiet sine labyrintar at eg lurer på om eg ikkje burde sjå meg om etter noko anna å gjera. Men eg må òg tilstå at sjølv som lågløna stipendiat på eit fag som når som helst kunne verta budsjettert bort, og som bannande professor som klagar si naud, så har eg gledd meg til å gå på jobb, og eg har ikkje misunna kollegaer i utlandet eller i fortida. Eg trur ikkje at universitets sin dommedag er like om hjørnet. og eg vil heller mista alt enn å kappast om å klaga meir. For eg tilstår det gjerne: Eg er ein lukkeleg forskar på eit norsk universitet!