Engelsk som vitskapsspråk?

Publisert

Rektorkandidatane blei før presentasjonsmøtet på HF 4.4.05 bedt om å kommentere spørsmålet om “norsk som publiseringsspråk/forskningsspråk”. Svara frå dei alle tre var at vi må bruke engelsk (og meir engelsk) for å sikre “kvaliteten” i forskinga. Dei har alle slengt seg på dagens retorikk der ordet ‘kvalitet’ kan brukas til å parere alle angrep og spørsmål. Kva ordet inneber, blir usagt.

Ein offensiv språkpolitikk på vitskapsområdet er ‘både-og’. Det blir òg kalla parallellspråkligheit, dvs. at ein lærer å bruke både norsk og eit internasjonalt språk (f.eks. engelsk) i faglig samanheng. For forskarar som for andre språkbrukarar representerer morsmålet ein ekstra kognitiv resurs ved læring, modning og kreativitet (altså kvalitet). Forskjellane mellom uttrykksmåtane i parallelle språk skjerpar observasjonen og presisjonen (altså kvalitet).

UNESCO har vedtatt ein resolusjon som understrekar at det er viktig å ta vare på det kulturelle mangfaldet som morsmålsbruk representerer, for nettopp å utvikle kunnskapar, dvs. at vitskapsverda tener på å opne for kulturvariasjonar - som igjen sikrar varierte impulsar (altså kvalitet). International Association of Universities har òg understreka “the wealth of diversity” I slike samanhengar.

Det er underlig at rektorkandidatane våre ikkje utnyttar spørsmålet frå HF som ein sjanse til å drøfte aktuelle tema frå det internasjonale samfunnet om korleis ein best skal utvikle det globale vitskapssamfunnet. Heller ikkje ser dei noe allmennpolitisk innhald i spørsmålet, f.eks. om dette også har med “forvitringa” av demokratiet å gjøre (jf. Maktutgreiinga). Vitskapen bør formidlas til samfunnet på morsmålet, som skal kunne dra nytte av innsiktene. Formidlingsplikta er eit krav frå demokratiet til oss. Dessutan kan vitskapen tene på å måtte skifte perspektiv og retorikk. Det skjerpar tanken (altså kvalitet).

I 2003 var det ein nasjonal konferanse om vitskapsspråket (arr. i Trondheim) der kvaliteten i “forsking på engelsk” blei problematisert. Ingen av temaa der har nådd fram til rektorkandidatane. Utfordringa til dei er å begynne å kvalitetssikre ordet ‘kvalitet’.

Forslag: 1) UiB stiller som krav til ph.d.-avhandlingane at dei har eit samandrag på 20 s. på eit internasjonalt språk når dei er skrivne på norsk, og på norsk når dei er skrivne på eit utalandsk språk. Tilsvarande krav kan vere på 5 sider i masteravhandlingar. 2) UiB pålegg fakulteta/ institutta å gi kurs på doktorgrads- og mastergradsnivå i faglig presentasjon på både norsk og eit internasjonalt språk.

Før presentasjonsmøtet visste eg kven eg skulle stemme på. Det gjør eg ikkje lenger.

Powered by Labrador CMS