Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Gruppe B, eller midlertidig vitskapleg tilsette ved UiB, er ein samansett konstellasjon av alt frå stipendiatar, lektorar og forskarar til professorar. Gruppa sin flyktige karakter gjer det vanskeleg å organisera seg, men samstundes blir jo mange i denne posisjonen over lengre tid, og det viktig å arbeida for rammeverk som tek omsyn til dei som høyrer til denne gruppa.
Espen Dragstmo, stipendiat ved Juridisk fakultet og kandidat i universitetsstyrevalet kallar medlemmane for ”gårsdagens studentar og morgondagens fast tilsette”. Sjølv om eg gjerne skulle sett at det var slik, trur eg mange i gruppa vår kjenner seg betre att i ”gårsdagens midlertidig tilsette og morgondagens midlertidig tilsette”, utan utsikter til fast tilsetting i overskodeleg framtid.
Fleksibiliteten som følgjer med å arbeide som vitskapleg tilsett på norske universitet er det mange som misunner oss. Eg er også stolt av å arbeide ved eit universitet der grunnleggande demokratiske rettar er noko ein tek for gitt. Slik er det ikkje ved alle universitet. Men det betyr ikkje at UiB ikkje har forbetringspotensial. Og dersom eg blir valt som representant for gruppe B vil eg arbeide for at gruppa vår betrar vilkåra sine.
Sjølv om eg ikkje har planlagt å campe utanfor Muséplass 1 med det fyrste (Knut Melvær i På Høyden, 08.04) så ivrar eg for at gruppe B skal verte representert på best mogeleg vis i universitetsstyret. Og eg er sikker på at alle kandidatane som stiller til val for gruppe B den 22. april ynskjer det same.
Som representant for gruppa vår er det viktig å vera synleg, og det er viktig å etablera kontakt på tvers av fakulteta. Midlertidig vitskaplege tilsette er ikkje ei homogen gruppe. Det er heller ikkje slik at dei fleste som vert tilsette i midlertidige stillingar er resirkulerte studentar, og for mange er det lettare å søka seg til andre jobbar. Dersom universitetet vil ha dei beste må det vera attraktivt for folk å jobba der. Føreseielegheit og fagleg stimulans er viktige føresetnadar som kan gjera UiB til ein attraktiv arbeidsplass. Har ein som midlertidig tilsett også rom for fagleg utvikling, vil ein igjen stå sterkare i vidare jobbsøking.
Utfordringane og krava som vert stilt til oss varierer etter kva fakultet, eller institutt me høyrer til. Desse erfaringane er det viktig å ha med seg som representant i universitetsstyret. Og for å få til dette er det viktig å ha ein kanal for å kommunisere, både i forkant og i etterkant av styremøta. Som Dragstmo nemner i sitt debattinnlegg er det viktig å etablere ein interesseorganisasjon for dei midlertidig vitskapleg tilsette ved UiB. Clara Good ved NTNU syner at trass beskjeden økonomi så kan ein skapa møteplassar, både av det faglege og sosiale slaget. Stipendiatar ved HF har vore så heldige å ha STIP-HF. Dette er eit fagpolitisk og fagsosialt utval, av og for stipendiatar, som steller i stand alt frå undersøkingar knytt til tilfredsheit med rettleiarforhold, til lønningspils.
Etter mi meinig bør me arbeide for å skape slike møteplassar for alle midlertidig vitskapleg tilsette, på tvers av fag og fakultet. I desse fora kan ein ta opp saker som ein ynskjer at skal bringast vidare til dei styrande organa, om det er til instituttrådet, fakultetsstyret eller universitetsstyret. Det er også viktig å samle alle representantar for gruppe B, frå heile UiB , for å diskutere problemstillingar som kan vere relevante for universitetsstyret. Det bør difor vera låg terskel for å kontakte representantane på dei ulike nivåa.
Kjære gruppe B, ta dykk tid og bruk retten dykkar til å påverke universitetsdemokratiet! Felles for oss som stiller til val er at vi aktivt ynskjer å påverke avgjersler som gjeld universitetet si framtid. Og kven er universitetet? Jo, det er du!
Godt val!