Ved LLE vil ein byggja opp eit laboratorium der studentar skal kunne få kompetanse innan ulike felt. Men det er ikkje berre lett når ein ønskjer at stundentane òg skal forska, skriv to representantar frå LLE. Arkivfoto: Magnus Vabø

Forskingsbasert undervisning. Mykje snakk men lite skjer

Publisert

Dei humanistiske vitskapane vert ofte omtala som sant avskrivande vitskap, der det ikkje trengs anna utstyr enn ein penn, og, kanskje, eit viskelær. Og kva går så føre seg på HF?  Dette er blitt eit heitt tema i dagens ordskifte.  Kva er HF sitt samfunnsmandat?  Debatten vert ofte snever og fokuset nært opp mot karikaturen av humaniora.  Skjelett ramlar ut av skapet og seier:  «Husk vi er dannede mennesker».  Men er det andre av våre universitetskollegaer som ikkje er danna?  Seljer vi oss ikkje for billeg om vi berre skal forvalte denne «danninga»?

Frustrerte studentar meiner at dei i for liten grad tek del i forsking under utdanninga. Som det går fram av ei spørjeundersøking (referert i Universitas 25 november 2014 av Petter Fløttum), seier halvparten av studentane at dei i liten eller svært liten grad tek del i forsking, medan ti prosent svarer at dei ikkje veit. Her er det eit stort betringspotensial, og det er ingen grunn til å tru at HF i Bergen er noko unntak. Det er og uro over rekrutteringa til forsking og manglande samanheng mellom forsking og undervisning (jf. Knut Melvær i Forskerforum 2. desember 2014).  Det vil seia at undervisninga ikkje opplevst som særleg forskingsrelevant.

Ikkje eit vondt ord skal vera sagt om den tenking og vitskaplege aktivitet som føregår innan tradisjonell forsking på HF.  Som vi vil hevda er tida likevel inne til å modifisera nokre vrengebilete av kva vi driv med. Breidda på HF er langt større enn det dei fleste trur. Så kva er problemet?

HF v/LLE tilbyr til dømes pr. i dag kurs innan Eksperimentell Psykolingvistikk og Nevroestetikk, samt førebuande kurs i statistikk og formell modellering av t.d. språkdata, slik som Maskininnlæring og programmering.  Resultata vert presentert under internasjonale konferansar, der også våre masterstudentar held innlegg  Vi freistar med dette å byggja opp forskingsbasert undervisning på høgt plan.  Men her møter vi fleire problem.

       1. Så vidt vi veit finst det ikkje noko budsjett som tek høgde for at forsking og undervisning kan gå hand i hand. Dersom vi treng kostbart utstyr som kan nyttast i forsking og undervisning så vert det, tilsynelatande, ikkje sett på som ein føremon at bruken har synergiar.

       2. A skaffa utstyr: Det finns ikkje midlar for raske tiltak i storleik over 150 000 og under 1 million. Dette er ofte for stort for eit instituttbudsjett og for lite om ein søkjer forskingsprosjekt frå NFR eller EU. Om det dessutan er utstyr som i stor grad kjem til å verta nytta i undervisning og opplæring, der forskingsresultata er venta først etter ein periode av utprøving og datainnsamling, så er det ikkje mogleg å søkja; tildeling av forskingsmidlar har ofte som føresetnad at resultat allereie finst — ein slags moment-22.

      3. Moglegheiter for kortare engasjement for talentfulle studentar. I dag er det ofte slik at når vi har trena opp ein MA-student og byrjar å få relevante resultat så finns det få moglegheiter til å halda på den personen til oppfølging, som t.d. å arbeida fram lengre artiklar til publisering. Det er mange gode MA-studentar som har fått jobbar andre stader — men vi slit med å oppretthalde eit meir langsiktig aktivitetsnivå her; når “opplæringsfasen” er over vert den erstatta av ein ny opplæringsfase for nye kandidatar, utan at det finns ein naturlig veg å halda fram med pågåande prosjekt. Det tar for lang tid å søkja stipend og det finns for få stipendiatstillingar; i ventetida misser vi mange talent.

Kvar står vi no?  Ved LLE arbeider vi no med å byggja opp eit laboratorium i første etasje der vi vil opna for å gi våre studentar kompetanse innan empiriske teknikkar som til dømes «event related potential» målingar (ERP) av hjerneaktivitet. Vi ynskjer også framtidig å forske på augerørsler.  Desse metodane kan, med fordel, nyttast innan dei humanistiske vitskapane. Slik kompetanse er òg sterkt etterspurt, og den vil gi våre uteksaminerte studentar eit solid konkurransefortrinn ved jobbsøking.  Eit søk på nett over alle opne stillingar på «linguistlist.org» avslører at meir enn 10% av alle opne stillingar har med ERP i utlysningsteksten, og nesten 30% hadde med søketermen «computational».  Det er, per i dag i Noreg, dei færraste innan lingvistikk som har kompetanse på ERP, og særleg dei praktiske ferdigheitene manglar.  Eksperimentelle og analytiske metodar er svært etterspurde.  Dette vil vi kunne gjera noko med dersom vi får dei midlar som trengst.  Meir avanserte målemetodar vil kunne gi eksakte svar på meir detaljerte spørsmål, og bidra til auka og kontinuerleg tverrvitskapleg aktivitet ved instituttet samt auka kompetanse -og ferdigheitsnivå for så vel studentar som tilsette.

Vi håpar å få moglegheit til å realisera denne tverfaglege ferda saman med forskerar og studentar både ved eige institutt og ved andre fagmiljø ved vårt universitet.  Det er ei spanande reise som ligg framfor oss dersom vi får ´løyst bilettar`.  

Powered by Labrador CMS