Forskingstid. Kort presisering.

Publisert

 Liisbergs ”sluttreplikk” til meg 20.03.09 siterer han ein del av ei setning frå mitt innlegg same dag som han synest å ha oppfatta er retta til han. Eg ser at formuleringa kan oppfattast på ein heilt annan måte enn eg har meint, og vil presisera at eg med uttalen om at det ikkje ville falla like lett for alle å få organisert undervisninga slik at det blir mest mogeleg tid til forsking, ikkje meinte anna enn at dette ville avhenga av tilhøve som kva for undervising ein har, kor stort kurset er og korleis dei kursa ein underviser på er plasserte  i årssyklusen. Dette bygde særleg på det Gudrun Holgersen framheldt overfor meg i den telefonsamtalen som det er referert til i Liisberg sitt innlegg. Det var på ingen måte retta mot Liisberg eller andre, og går ikkje på utføringa av førebuing eller undervising, men var meint som ei vedgåing frå mi side av at situasjonen kan vera ulik for ulike lærarar, slik det også elles går fram av mitt innlegg. Eg ser at eg diverre kan ha vore upresis her.

Eg er elles samd med Liisberg om at den vidare diskusjonen om desse spørsmåla bør førast vidare internt på fakultetet og ikkje som ledd i ein rektorvalkamp.

 

Powered by Labrador CMS