Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kritikken er så uspesifisert at det ikkje er lett å ta stilling til den eller forsvara seg mot den.. Eg vil nøya meg med å peika på kva som er gjort med forskingsvilkåra ved juridisk fakultet i mi dekantid. Så får andre eventuelt uttala seg om dei deler Liisberg si oppfatning av situasjonen. Det juridiske fakultet har alltid hatt små ressursar i høve til oppgåvene. Dette vart sist påpeika av NOKUT ved evaluering av masterstudiet i 2008. Dette har ført til sterkt press på undervisningskreftene ved fakultetet. Fakultetsleiinga har eit ansvar for å fordela knappe ressursar mellom forsking og undervising. Fakultetet innførte som det første ved UiB eit system med undervisingsrekneskap i 1996, nettopp for å verna om forskingstida, med like mykje tid til forsking som til undervising. På dette tidspunktet var eg prodekan for forsking. Dette systemet har blitt revidert fleire gonger, sist i 2007 på grunnlag av røynslene med kvalitetsreforma og tilpassing til nye undervisningsreformer. Gjennom undervisningsrekneskapen og omrekningsnøklane tek vi sikte på å sikra at forskingstida blir skjerma, slik at ca halvparten av tida blir sett av til forsking. Vårt system dannar nå mønster for det systemet for arbeidsrekneskap som er ein del av det arbeidet UiB gjer med tid til forsking. Eg er kjent med at Liisberg er misnøgd med omrekningsnøklane, men desse er nå vedtekne etter omfattande utgreiing, høyringsrundar, lærarmøte og handsaming i fakultetsstyret. Moduliseringa av studiet som vart innført ved kvalitetsreforma i 2003 gjer det mogeleg, i alle høve i ein viss grad, å konsentrera undervisingsinnsatsen til visse periodar, for å skapa rom for samanhengande forskingstid. Bruk av ”undervisningsbank” og årsplanar for dei tilsette er også eit verkemiddel i denne samanhengen. Det krev planlegging frå den einskilde forskaren si side for å utnytta dette. Ved kvalitetsreforma har Det juridiske fakultet makta å snu dei problema som i årevis var knytt til jusstudiet i Bergen, med store stryktal og låg gjennomstrøyming. Dette har vore ein naudsynt operasjon for å skapa ein legitimitet for fakultetet som òg er ein føresetnad for å byggja fakultetet som forskingsinstitusjon. Det juridiske fakultet i Oslo arbeider nå med studiereform etter mønster av den vi innførte for fem år sidan, etter at dei først avviste vår ordning. Strategien for å styrka forskinga og utdanninga ved fakultetet har vore å auka staben av lærarar og stipendiatar og å redusera administrative byrder for dei tilsette, så mykje som råd er. Oppbygginga av den vitskaplege staben har gått seint, men staben er auka frå om lag 20 til 31 faste tilsette i mi dekantid og stipendiattalet har auka frå rundt 10 til 30. I tillegg har vi nå tre postdok-stipendiater og tre professor II stillingar. Dette inneber ei vesentleg styrking også av forskingskapasiteten og gjer det også lettare for fakultetet å sikra forskingsvilkår for den einskilde forskaren. Det er lagt stor vekt på å skaffa eksterne midlar for å gje rom for ekstra forskingstid gjennom postdok-stipend og frikjøp frå undervising. Ein stadig større del av dei offentlege midlane til forsking går gjennom Forskingsrådet og andre eksterne kjelder. Vi har eit godt administrativt støtteapparat for forskarar som vil søkja eksterne forskingsmidlar. Mange av dei tilsette har søkt om midlar og fått dette, men vi veit alle at tilslagsprosenten i Forskingsrådet og andre kjelder er mindre enn ein kunne ynskja. Gjennom ”Krafttak for jurdisk forsking”, ”Demokrati og rettsstat-utgreiinga” og nå sist gjennom eit internt utgreiingsarbeid, har underteikna saman med andre gode krefter arbeidd for å leggja grunnlag for betre ressurstilgang til juridisk forsking. Eksternfinansieringa ved fakultetet har auka frå ca. 1 mill kroner i 2000 til ca. 9 mill pr år i 2009. Vi burde sikkert ha nådd lenger i å få inn eksterne midlar, men eg må også peika på at vi her er avhengige av at dei vitskapleg tilsette sjølve utarbeider søknader og ikkje alle tilsette har vore viljuge til å leggja arbeid i søknader om forskingsmidlar. Når eg har teke opp med einskilde forskarar at vi burde søkja postdokstipend for dei, har eg fleire gonger fått til svar at dei var nøgde med å kunne driva si forsking ved sida av undervisingsplikta i førsteamanuensisstilling. Dette tyder ikkje på urimeleg dårlege forskingsvilkår. Eg vil sjølvsagt måtte akseptera eventuell grunngjeven kritikk for at vi ikkje har nådd langt nok i å styrka forskinga, men noko slikt har ikkje Liisberg framført. Han synest nokså uorientert om kva som er gjort og det er uklart kva han meiner skulle vore gjort. Sannsynlegvis meiner han at undervisningsinnsatsen i hans stillingskategori skulle vore vesentleg redusert. Det er ikkje rom for noko slikt utan vesentlege skadeverknader for utdanningsverksemda, som eg som dekanus ikkje kan ta ansvaret for. Vegen til vidare bygging av forskingsinnsatsen går gjennom utvikling av forkargrupper, som vart etablert i 2005, ekstern finansiering av særskilte satsingar som det forskingsprogrammet vi nett har fått i gang i strafferettens grunnproblem med tre postdok-stipendiater og etablering av tverrfaglege forskingsprogram som vi også er i gang med. Eg trur den allmenn oppfatninga på fakultetet er at det har skjedd svært mykje på denne fronten dei siste åra. Når Liisberg får seg til å seia at Rolf Reed og underteikna ikkje bryr seg om forskingsvilkåra for dei tilsette på universitetet, blir det så urimeleg at han ikkje lenger kan venta å bli teken alvorleg. Eg har teke på meg å stilla som prorektorkandidat nettopp for å få høve til å arbeida med forskingsorganisering og forskingsfinansiering og med internasjonalisering, for alle deler av universitetet. Eg ser fram til å kunne samarbeida med alle fagmiljø for å kunne byggja sterke forskingsmiljø og leggja grunnlaget for vidare utvikling av UiB som forskingsuniversitet. Reed er sterkt oppteken av å byggja UiB som forskingsinstitusjon og vil påta seg store byrder for å få det til. Grønmo kan nok sjølv svara på kritikken han får frå Liisberg, men sidan kritikken kjem frå ein tilsett ved Det juridiske fakultet, vil gje tillata meg å gje uttrykk for at eg meiner kritikken også mot han er urimeleg. Grønmo har på dette punktet starta ein prosess som nok er ført så langt som det er realistisk grunnlag for på dei ulike fakulteta. Prosessen må også førast vidare, men det er ein krevjande balansegang mellom omsynet til universitetet som utdanningsinstitusjon og som forskingsinstitusjon. Det synest ikkje som Liisberg har realistiske forventingar til kva forskingsvilkår ein kan rekna med å få, utan å gjera noko for å skaffa seg eksterne forskingsmidlar.
Bent Liisberg klagar i innlegg i På Høyden 16.03.09 og i BT 17.03.09 over for lite tid til forsking. Dels rettar han kritikk mot rektor Sigmund Grønmo for manglande oppfylgjing av vallovnad om meir tid til forsking, men den tyngste kritikken rettar han mot underteikna for min innsats for forskingsvilkår og særleg for skjerming av forskingstid, som dekan ved Det juridiske fakultet. Ut frå dette siste dreg han sine slutningar om kva som kan ventast av det rektoratalternativet som eg er ein del av når det gjeld forskingsvilkår.