Fragmenterte IT-fag ved UiB

Publisert

Eit spørsmål som har dukka opp ein del gonger er opp gjennom mi tid som informatikk-student og tilsett i informasjonsvitskap ved UiB er oppdelinga av IT-utdanninga ved UiB, og eg må sei at det heile tida har vore vanskeleg å sjå dei heilt gode argumenta for at vi ved UiB skal ha ei anna organisering av IT-faga enn t.d. UiO (som har hatt berre eitt stort informatikk-institutt opp gjennom tidene) eller NTNU (som slo saman institutta for datateknikk og informatikk til Institutt for datateknikk og informasjonsvitskap for nokre år sidan). I tillegg til  informasjonsvitskap og informatikk ved UiB fins det òg sterke miljø i humanistisk informatikk og datalingvistikk ved HF-fakultetet og nede i Lars Hilles gate har vi eit godt miljø ved Høgskolen i Bergen som utdannar dataingeniørar.

Det er no ein del omsyn som gjer at eg vil argumentere for at reorganisering av IT-faga ved UiB bør vurderast. Det første eg vil ta opp er at denne fragmenteringa gjer  IT-utdanninga ved UiB usynleg for ungdom og næringsliv. To oppslag i BA dei siste vekene har fått meg til å innsjå at IT-bransjen i Bergen ikkje har peiling på dei IT-utdanningane som fins her. I staden snakkar bransjen om kor vanskeleg det er å rekruttere kandidatar frå Trondheim (http://www.ba.no/nyheter/article2304398.ece)  eller dei vil utdanne dei sjølve (http://www.ba.no/nyheter/article2338151.ece). Samstundes veit eg at våre ferdigutdanna kandidatar ikkje syns det er så lett å finne arbeid i Bergen og strøymer over fjellet til hovudstaden. Grunnen er sjølvsagt at om ein ser på UiB utanfrå synest IT-utdanningane utydelege og små – nærast ikkje-eksisterande. I tillegg er søkjartala til faga urovekkande. Sjølv om IT-bransjen skrik etter folk, vel ungdommen å søkje seg andre stader og utdanningar. Dei veit ikkje kva ei IT-utdanning ved UiB inneber.  I mange samtalar med folk i IT-bransjen har eg fått dette litt pinlige spørsmålet om kvifor vi har så mange IT-institutt ved UiB. Eg må som regel svare at dette òg er litt uklart for meg, men at det har historiske årsaker og spesielt at mange informasjonsvitarar har sett samorganiseringa med samfunnsvitarar som viktig. For meg ein del andre er informasjonsvitskap først og fremst eit IT-fag og i andre omgang eit samfunnsfag, så eg syns vel ikkje SV-tilknytinga er essensiell.  Den same haldninga møter eg hjå internasjonale forskarkollegaer med ei samfunnsfagleg orientering. Dei arbeider gjere med si samfunnsvitskaplege tilnærming i eit stort, breitt IT-institutt, og oppfattar seg sjølve først og fremst som IT-forskarar, ikkje som samfunnsvitarar og reagerer med undring på denne oppdelinga. Dei er heller ikkje særleg overraska over den krisa vi for tida gjennomgår i samorganiseringa med medievitarane ved SV-fakultetet.

Eit anna moment er tilhøvet til dei nasjonale kjeldene for forskingsmidlar i Oslo. Forskingsrådet er heilt tydeleg lite villig til å bruke mykje av ressursane innan IT på Universitetet i Bergen. UiO og NTNU drar av garde med dei store pottane. Vi informasjonsvitarar har for tida forskingstema som i større grad enn informatikk matchar det nystarta VERDIKT-programmet for IT-forsking i NFR og vi har greidd å hente inn nokre midlar derifrå, men faget har slite og slit enno med at vi vert sett på som ein raritet med vår fakultetstilknyting. Og til tross for at Informatikk i Bergen vart kåra til det beste forskingsmiljøet i Noreg innan faget berre for få år sidan, får dei ikkje utteljing som fortent når det gjeld forskingsmidlar frå NFR. Grunnen trur eg er at instituttet har ein for smal profil. Informasjonsvitarane er òg smale på sin måte. Men etter mitt syn dekker informasjonsvitskap og informatikk på ein god måte breidda innan IT-faga og ser samla ut som eit bortimot komplett IT-fagleg miljø.

Det er opplagt at IT-faga ved UiB lir under denne fragmenteringa, og det må vere på sin plass at UiB arbeider med å få til ei ny organisering av IT-faga. Mitt forslag er at ein får samla fagmiljøa organisatorisk og fysisk, og får til eit dugande og samlande leiarskap som er i stand til å sjå IT-faget som ein heilskap. Universitetet må ikkje la seg binde av fakultetsgrenser og heller ikkje av grensa mot Høgskolen. Informatikk, informasjonsvitskap, andre IT-fag ved UiB, ingeniørutdanninga ved HiB og forskingssentra innan IT-fag kan gjerne gå inn i ein slik organisasjon. Eg er trygg på at resultata vil vise seg ved at UiB vert meir synleg som utdannings- og forskingsinstitusjon innan IT, vi får meir rasjonell undervisning innan IT, og vi får tverrgåande forskingsprosjekt mellom dei no heller isolerte avdelingane av IT-fag. I neste omgang vil dette føre til betre studenttilstrøyming, større potensiale for samarbeid med verda utanfor UiB, og vi får eit forskingsmessig klart tyngre miljø som NFR er nøydde til å ta omsyn til på ein heilt annan måte. Eg kan heller ikkje tenke meg anna enn at ein og i EU-samanheng står mykje sterkare om ein har eit tyngre fagmiljø bak seg i søknadsprosessar.

Powered by Labrador CMS