Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I strategisk plan for Universitetet i Bergen 2005-2010 står m.a. dette om Universitetet i Bergen sitt verdigrunnlag: ”Universitetets frihet til å drive faglig fundert og kritisk belysning av viktige samfunnsområder og -problemer står sentralt. Universitetets lærdomsfellesskap og åpne debatt, der det beste argument skal få lov til å seire, er i dyp resonans med demokratiet som styreform”. I det biblioteket eg er sett til å styra med har eg bøker med innhald som nok kan ”oppleves som støtende av noen”. Eg formidlar nettdokument som heilt sikkert vil det. Men eg skjønar at det gjeld andre reglar for forskingsformidling i biblioteka enn på nettet. Eller gjer det det? Ikkje berre formidlar eg støytande bøker. Eg har til og med opplevd at folk har teke anstøyt av korleis bøkene er stilte opp på hylla. I si tid vitja representantar for Framstegspartiet biblioteket med TV Hordaland på slep fordi dei fann det ”støtende” at bøker om FrP stod ved sidan av bøker om NS, slik dei no ein gong gjer i alle bibliotek som brukar Deweys Desimalklassifikasjon – og ikkje har plass til å setja bøker om norske politiske parti ut på eigne hyller. Eg får ikkje denne redaksjonelle grunngjevinga til heilt å rima med det som skal vera vårt verdigrunnlag – med mindre ”det beste argumentet” er ein knyttneve. At forskingsresultat kan ”oppleves som støtende for noen” kan ikkje, dersom vi tek prinsippa vi hevdar å ha på alvor, vera nokon grunn til ikkje å formidla dei – ikkje ein gong som framføring på Internet. Utan omsyn til kor fragmentert dette mediet måtte vera. Fri forsking skal vera til anstøyt – ikkje minst for dei som ikkje har andre argument enn bomber.