Gratulerer med målprisen, UiB!

Publisert

Noregs Mållag (NM) har tildelt Universitetet  i Bergen (UiB) målprisen for 2010 med den grunngjevinga at universitetet vårt er det viktigaste universitetet for nynorsken og målsaka. Særleg vert det framheva at UiB har måljamstelling i utoverretta informasjon, at ein er tydeleg på å utvikla fagterminologi på nynorsk, og at det finst fagmiljø utanfor humaniora som er opptekne av språkbruk. Mållaget har òg lagt vekt på at UiB i 2007 leverte ein grundig rapport om språkstoda ved institusjonen, “I pose og sekk”, med mange gode framlegg til prinsipielle og praktiske tiltak.

Som tilsette ved UiB og med langvarige engasjement i ulike språkpolitiske samanhengar ønskjer vi vår eigen institusjon, UiB, ved rektor Sigmund Grønmo, hjarteleg til lukke med prisen. Dette gler oss mykje. Det er grunn til å retta ryggen og ta med seg den positive omtalen frå omverda. Vi har utan tvil sett framgang på dette området dei siste 20 åra, både kvantitativt og kvalitativt.

Samstundes tolkar vi i grunngjevinga frå NM slik at dei vonar prisen skal vera inspirasjon til vidare systematisk arbeid for nynorsken ved UiB. Dette er eit ønske vi deler fullt ut, og det er kanskje grunn til å peika på at det språkpolitiske medvitet enno ikkje har trengt langt nok ned og ut i administrasjon og fagmiljø til at ein kan slå seg til ro. Ser ein til dømes på nettsidene på fakultets- og instituttnivå, er det ikkje alltid reell språkleg jamstelling ein finn. Framleis kan vi høyra om at forskarar møter motstand når dei vil ha inn tekst på nynorsk i utoverretta samanhengar, og arbeidet med tilrettelegging av fagterminologi har ikkje komme inn i systematiske former. Vi vonar at dette er tiltak som vil stå sentralt i det arbeidet med eit språksenter ved UiB som universitetsstyret har sett i gang.

Prisen er ei viktig påskjønning for det språkarbeidet som alt er gjort, og for den språkpraksisen som i dag finst ved UiB. Ikkje minst viktig er derimot motivasjonen som denne prisen gjev for det vidare arbeidet med å oppnå reell språkleg likestilling på alle administrative nivå og område ved UiB, og ei breiare iverksetjing av intensjonane i rapporten “I pose og sekk”.

Powered by Labrador CMS