Griegakademiet og HF

Publisert

Griegakademiet (GA) ved Det humanistiske fakultetet (HF), Universitetet i Bergen (UiB), skil seg på mange måtar frå dei andre institutta ved HF og UiB, samstundes som det supplerer den faglege breidda ved fakultetet på ein kompletterande måte.

Utøving og teori
Eit karakteristisk trekk ved Griegakademiet er at instituttet kombinerer kunstnarisk utøving med teoretiske aktivitetar. Denne todelinga mellom utøving og teori har gitt GA, HF og UiB ein fagleg og vitskapleg styrke på den eine sida, og ei utfordring i høve til produksjonsrapportering, tevling om økonomiske midlar og utstyr, og jamstilling av vitskaplege aktivitetar på den andre sida.

I den akademiske verda vert vitskapleg forsking tradisjonelt forstått som skriftleg framstilling av systematiske analysar av data framskaffa på grunnlag av teoretiske modellar eller idéar med utgangspunkt i problemstillingar som er operasjonaliserte gjennom bestemte metodar. Innom disiplinane musikkteori, musikkterapi og musikkdidaktikk går det føre seg forsking av slik karakter. Innom dei utøvande disiplinane, som ved GA, er situasjonen annleis. Her er omgrep og aktivitetar som interpretasjon, improvisasjon, framføringspraksis, ferdigheiter, kreativitet, refleksjon og estetiske val (eller ‘smak’) sentrale. Det tradisjonelle vitskaps- og forskingsbiletet høver ikkje særleg godt på slike handlingar, og difor vert termen kunstnarisk utviklingsarbeid nytta i Universitets- og høgskolelova.

Forsking og kunstnarleg utviklingsarbeid
I Akademia har det tatt lang tid før kunstnarisk utviklingsarbeid har blitt forstått og innarbeidd som term i den faglege og administrative leiinga, og termen er enno ikkje godt nok reflektert i styringsdokument på institusjons- og fakultetsplan. Det står enno att mykje arbeid for å få denne situasjonen så god som den burde vera.

Når det ikkje er ei omforeint forståing i Akademia om bruken av og innhaldet i termen kunstnarisk utviklingsarbeid, vil det fort kunna føra til at slike aktivitetar ikkje vert likestilte med anna tradisjonell vitskapleg forsking slik den burde vera – med omsyn til evaluering, prioritering og status.

Utstyr
Griegakademiet står i ei særstilling når det gjeld utstyrsbehov ved HF. Behovet for, omfanget av og utgiftene til utstyr ved Griegakademiet kan samanliknast med tilsvarande situasjonar ved det medisinske og det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Instrumentparken ved GA er stor og kostbar, og einskildinstrument som flygel og orgel er tunge utgiftspostar. Det kostar å skaffa til vegar instrumenta ved førstegongsinnkjøp, og det kostar å halda instrumenta ved like. Dessutan har GA behov for lydisolert studio og studioteknikar med spesialkompetanse.

Romsituasjonen
Arealsituasjonen ved mange av fakulteta og institutta ved UiB er vanskeleg og hardt pressa. Større fagleg og vitskapleg aktivitet, fleire forskingsgrupper og prosjekt, og fleire studentar og stipendiater krev større areal. Griegakademiet er i ei særstilling av di mykje av undervisninga foregår i dyadar, éin–til–éin-relasjonar mellom student og lærar. I lengre tid har det vore arbeidd med å skaffa større areal for musikkundervisninga ved GA, og det ser etter kvart ut til at dette no skal bli løyst ved Nygård skole, men desse bygningane treng sårt ei oppgradering. Det er difor mange utfordringar att før denne situasjonen er god nok.

Fagleg breidd og HF-portefølgjen
GA bidrar med eit viktig tilfang til den faglege breidda ved HF ved å leggja kunstnarisk utviklingssarbeid til portefølgjen vår. Dette er i tråd med det faglege grunnlaget som vart lagt då GA vart oppretta i 1995. I desse dagar når vi ein viktig fagleg milepæl i dette arbeidet ved at stipendiat Jostein Gundersen snart skal forsvara arbeidet sitt i kunstnarisk utviklingsarbeid. Dette er den første kandidaten ved GA som fullfører Stipendprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid innom musikk. Som eit pionerforsøk i samarbeid med GA er denne kandidaten finansiert av HF.

Frå 2008 har GA oppnådd tildeling av eit ordinært stipend innom dette programmet, som er oppretta av KD, og som er ei utdanning som tilsvarar phd-nivået. Vi er stolte over og glade for denne positive utviklinga.  Det kan også nemnast at GA er inne i ei god utvikling med m.a. etablering av forskingsgrupper innom utøving og dei teoretiske disiplinane. Elles har GA stor og variert fagleg aktivitet, der særleg musikkterapien har merkt seg ut som eit framgangsrikt fagområde med fleire stipendiatar, eksterne forskingsmidlar og auke i søknaden til studiet og gjennomføringa – både på BA- og masternivå.

Framgang og utfordringar 
Det har vore framgang dei siste semestera innom alle utfordringane som er nemnde ovanfor, ikkje minst av di det har vore god og nær kontakt mellom GA, HF og UiB sentralt. Dette arbeidet vil vi halda fram med, og vi vil byggja vidare på dei gode relasjonane som finst mellom dei ulike faglege og administrative nivåa. Utfordringane har vi felles ansvar for, og dei må løysast med felles lokal innsats i samspel med sentrale styresmakter. Framtidshorisonten på dette feltet er no mindre disig enn på lenge.

 

 

 

Powered by Labrador CMS