Høgskule og universitet

Publisert

I ein samtale med ein journalist i STUDVEST vart eg oppmoda om å kome med vurderingar for eller mot samanslåing av Universitetet og Høgskulen. Samtalen var kort, men likevel lang nok til at ulike omsyn vart skissert. Utgangspunktet mitt var den nye situasjonen som alle høgre utdanningsinstitusjonar no står overfor og som kan samanfattast i ordet: konkurranse.

Eitt av vilkåra for å konkurrere er at ein utdannings- og forskings -institusjon har ein klar identitet og profil. Eg skisserte for journalisten ein mogleg lokal/regional identitet der samanslåing med høgskulen kunne ha ei rekke fordeler. Eg framheva særleg det samarbeidet som har vore og er mellom realfag (og Teknologiorienterte Studiar) og ingeniørfaga ved Høgskulen som eit døme på dette. Også undervising, studentrekruttering, og kontakt med lokale næringslivet og arbeidslivet kunne tene på ei slik samanslåing.

På den andre sida skisserte eg og kva eg trudde leiinga ved eit universitet ville legge vekt på viss det primært var orientert mot ei større eining, særleg Europa. Då ville vekta heller vere på spisskompetanse, forskingskonsentrasjon, og prioritering av det som i dag er tylleformularen for Universitetsleiinga: store miljø. Ei orientering mot forskingsproblem som ville styrke Europeisk orientering og identifikasjon og gjere oss i stand til å konkurrere med universitet om forskingsmiddel ville krevje andre nettverksorienteringar og at ressursane bli brukt på noko anna enn samanslåing med høgskulen. Det er i samband med eit slikt resonnement at eg nemnde at høgskulen ville bli oppfatta som daudkjøtt.

Å velje slike ord når ein snakkar med ein journalist i STUDVEST er sjølvsagt svært risikofylt og vitnar om lite klokskap, sjølv i ein situasjon der ein trur ein har ein samtale og ikkje blir intervjua (det var heller aldri snakk om å lese det som vart skrive). Det er uheldig for alle partar, også underteikna, at eg på den måten kan takast til inntekt for generaliseringar og synspunkt som står fram som nedrakking av ein heil institusjon. Den einaste som har tent på ein slik irrasjonell start i det offentlege på denne diskusjonen er STUDVEST sjølv. Og det er ein kortsiktig gevinst. Straumen av e-postar og innlegg i ymse aviser med kritikk av underteina kan eg såleis godt forstå og tar til etterretning.

Universitetet i Bergen har så langt m.a. markert seg om eit regionalt universitet. Ut frå mine resonnement ovanfor skulle det føre til samarbeid og kanskje samanslåing. Universitetet i Bergen har også søkt å framheve at det er eit Nord - Sør universitet, eller eit universitet som legg vekt på globale problemstillingar. Senter for Internasjonal Helse t.d vekker interesse. Det same gjer deltaking innan NUFU finansiert forsking. På slutten av 1990 talet brukte eg mye tid på å styrke dette arbeidet innan såkalla “Godt styresett”, med god støtte frå universitetsadministrasjonen og samarbeidsforumet mellom universitet og høgskular. Høgskulen var godt representert i arbeidsgruppa. Resultata var magre. Dersom høgskulen vil vere med i eit initiativ for å ta opp igjen dette arbeidet, vill det glede meg mykje. Fokus er da ikkje Europa, men korleis de lokal og det globale heng saman - frå økologi og risikoar til fattigdomsproblem. I ei slik markering av UiB (kanskje inkludert høgskulen) som eit globalt universitet med fokus på Nord - Sør problem er det særleg viktig å arbeide i bredda og føre saman små innovative forskingsmiljø og over eitt bredt spekter (eg har ved andre høve lagt vekt på profesjonsfaga her kan ha ei viktig rolle). Slik forsking har magrare vilkår om ein søker mot ein EU profil. Store forskingsmiljø, dei sterke aktørane si nytteorientering og “Centre of Excellence” logikken dominerer. Mykje viktig og god forsking, også på UiB, kan bli marginalisert om ein slik identitet definerer konkurransevilkåra.

Bergen torsdag 11/11 2004.

Powered by Labrador CMS