Hummarfag og kanarifag

Publisert

Dekan Gjert Kristoffersen les kritikken min av framlegget til ny budsjettfordelingsmodell for HF som at eg «mener at modellen som helhet allerede nå er moden for skraphaugen».

Men om Kristoffersen hadde lese nøye, ville han ha oppfatta at det eg kritiserer, er bruken av omgrepet «fag». Fakultetsleiinga bruker «fag» som merkelapp på storleikar av heilt ulik kompleksitet. Desse «faga» vert brukte som rekneeiningar i fordelingsmodellen. Resultatet kan ikkje verte anna enn ubrukeleg.

Kristoffersen understrekar at modellen er under utvikling. Men fakultetsleiinga har likevel sett modellen som tilstrekkeleg ferdig til at dei bruker han til å leggje premissane i budsjetteringa for 2011. På den bakgrunnen har det i høgste grad vore grunn til å hevde at utviklinga ber gale av stad.

Eg helser ein fornuftig fordelingsmodell velkommen. Men ein modell gjev ikkje betre resultat enn det grunnlagsmaterialet han byggjer på. Så langt har fakultetsleiinga rekna med hummar og kanari. Når dei skal arbeide vidare med modellen, er det nok ein god idé å begynne med å definere meiningsfylte rekneeiningar.

Powered by Labrador CMS