Husleigesystem og UiBs framtid

Publisert

Professor Högstedts innlegg om husleige har inspirert ein viktig debatt om prinsipp for husleigefordeling på UiB generelt, og om framtidige husleigeutgifter for Biologisk institutt spesielt. Det første spørsmålet er svært viktig for utviklinga av heile UiB. Det er heller ikkje vanskeleg å vera einig i at det andre spørsmålet er svært viktig for fagmiljøet på biologi, og derved for universitetet totalt, sidan biologimiljøet spelar ei sentral rolle i universitetets vedtekne strategiar.

Det såkalla Risautvalet diskuterte generelle prinsipp for husleigesystem på UiB og tilrådde einstemmig innføring av reell husleige. (Dette innlegget står berre for mitt syn.) Det betyr at det ikkje bør tildelast særskilde husleigeløyvingar, men at oppgåver, aktivitet og strategiske omsyn avgjer økonomiske rammer som kan nyttast til løn, drift og areal. Overgang til eit slikt system vil føra til at lokale einingar vil oppfatta areal som relativt dyrare, og UiB vil difor på lang sikt bruka mindre pengar på areal og meir på folk og drift. Dette vil støtta opp om UiBs ambisjon om å vera eit internasjonalt forskingsuniversitet. Når vi er på vitjing på framståande forskningsuniversitet i utlandet, ser vi også ofte at dei økonomiserer meir på arealbruken enn vi gjer – og dette heng saman med at dei oftast har reell husleige.

Kva så med Biologisk institutt? Vil innføring av reell husleige bety at fagmiljøet blir lagt i grus? Det trur eg ikkje. Argumentasjonen i 2004 for å bruka ressursar på biobygg tok utgangspunkt i vilje til strategisk satsing på marine fag. Denne viljen er nok framleis til stades i universitetsstyret. Etter mi vurdering, ville det vera ein fordel om den strategiske satsinga blei tildelt som ein rund sum som biologane kunne bruka til areal eller andre ting. Det kan godt henda at strategisk satsting på marine fag bør vera noko meir enn ei arealsatsing.

Det har også vore ein diskusjon om kva som er rimelege framtidige budsjettfordelingar, basert på tekstfortolking av styrepapir frå 2004. Premissane den gongen var at 6000m2 kunne finansierast over UiBs budsjett, og at overskytande areal måtte finansierast gjennom auka ekstern inntening på instituttet. Når arealet no blir monaleg større, kan det synast rimeleg at instituttet i tråd med dei opphavelege planane, bidreg til finansieringa av ekstrakostnadene.

Når det er sagt, meiner eg at eksegese ikkje er den beste metoden for å finna fram til gode strategiske budsjettvedtak. Det er og blir styrets oppgåve å fatta vedtak som styrker UiBs posisjon som eit godt internasjonalt forskingsuniversitet også i framtida.

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS