Ikkje favorisering av kvinner?

Publisert

Leiar for likestillingskomiteen ved UiB, Gry Kibsgaard, avviste i ”På Høyden” 3.september (se link under) at kvinnelege stipendiatar blir favoriserte ved tildeling av plassar på universitetsbarnehagen Fagertun. Det bygger ho på at vedtektene for barnehagen ikkje nemner kjønn som prioriteringskriterium: ”

Det er ingenting formelt i vedtektene som skulle tilsi en forfordeling av mannlige stipendiater med barn.” Derimot seier vedtektene at ”stipendiater i fag som har særlig behov for økt rekruttering, samt stipendiater i fag som står i fare for å utvikle seg i negativ retning” skal prioriterast. Når 12 av 13 ledige plassar i haust gjekk til kvinnelege stipendiatar, så var det fordi dei høyrde til slike fag, seier Kibsgaard. Det ”kan en se” ”Ut fra vedtektene til barnehagen.”

Det Kibsgaard ikkje seier, er at kvinner blir favoriserte innanfor dei prioriterte faga. Rune Fitje, barnehagesjef i SiB, skriv i e-post til meg 10. september at SiB frå assisterande personaldirektør ved UiB, Eli Glambek, får føringar for tildeling av barnehageplassane. Fitje skriv at SiB ”ved de sisteopptakene er blitt bedt om å prioroitere kvinnelige stipendiater ved realfag/medisin/odontologi, psykologi og juss foran andre stipendiater.” Når 12 av 13 plassar gjekk til kvinner, så var det vel på grunn av denne favoriseringa av kvinner. (For det er jo ikkje slik at dei prioriterte
faga berre har kvinnelege stipendiatar.) Kvifor prøver Kibsgaard å framstille det motsett i sine ”klargjøringer”? Det kan argumenterast både for og imot slik prioritering, men fyrst må vi få fakta på bordet.

Mitt syn er at prioritering av kvinner er bra der det er få kvinner. Har eit fag få kvinnelege stipendiatar, så er det bra om det blir lokka med frynsegode. Men på fag med jamn kjønnsfordeling blant stipendiatane(som psykologi), er det urimeleg å favorisere dei kvinnelege stipendiatane. I
fag der det berre er på amanuensis- og professornivå kjønnsfordelinga er skeiv, så er det urimeleg å favorisere kvinner på stipendiatnivå. Åtgjerdene må settast inn der problemet er. Skal ein gripe til eit så drastisk verkemiddel som diskriminering (Ja, det er det det er, og det det kjennest som), så må ein i alle fall plassere det rett. Når få av dei kompetente kvinnene i næringslivet blir leiarar, så er ikkje løysinga å auke kompetansen til fleire kvinner, problemet ligg ein annan stad. Slik
er det vel òg med rekrutteringa til toppstillingane på universiteta, i dei faga der skort på kvinner med doktorgrad ikkje er problemet.

Eit anna spørsmål er kva slag frynsegode ein skal ty til. Å lokke kvinner med
barnehageplass er etter mitt syn eit gufs frå fortida, fordi det signaliserer at ungane framleis er kvinnene sitt særlege ansvar. Og det var vel slike haldningar vi skulle bort frå?

Powered by Labrador CMS