IKT-forskinga ved Universitetet i Bergen

Publisert

Som representant for IKT-forskinga ved Universitetet fryder eg meg over den flotte omtalen forskningsmiljøa ved Institutt for informatikk fikk i evalueringa frå NFR. I den samanhengen er det likevel fleire moment eg vil nemne som viser at det er noko som er riv ruskande gale med finansieringa av IKT-forskinga i Noreg og ved Universitetet i Bergen.

Det eg skriv vil sjølvsagt vere prega av min eigen ståstad som professor ved Institutt for informasjonsvitskap. Vi kom ikkje like godt ut i evalueringa, men vi har etter mi meining fått maksimalt ut av dei skarve forskings-ressursane vi har fått tildelt dei siste ti åra.

Eg vil først sjå på rolla til forskingsrådet i dette. I dag er det slik at NFR gjev dei bergenske IKT-institutta ei stemoderleg handsaming. I høve til kvalitet og aktivitet går svært store forskingsløyvingar til å støtte aktivitetar i Oslo, Trondheim og Tromsø. Dette vert tydeleg når evalueringa viser at informatikk i Bergen er det sterkaste forskingsmiljøet innan faget i Noreg, samtidig med at dette instituttet og Informasjonsvitskap til saman har fått to prosjekt frå NFR sine tre siste grunnforskingsprogram innan IKT. I grunnforskingsprogrammet IKT-2010 har i alt 12 prosjekt fått midlar dei 2 første åra. Av desse er to i Oslo, åtte ved NTNU, eit i Tromsø og eit i Bergen. I innstillinga for neste tildeling går tre prosjekt til Oslo, to til NTNU og eit til Tromsø. Noko av dette kan forklarast med at det er lite søknadar frå Bergen, men årsaka til dette er igjen sjølvsagt at NFR ikkje går utanfor miljøa i Oslo og Trondheim når dei skal avgjere utforminga av programma. Vi finn akkurat same forholda i dei tidlegare grunnforskingsprogramma DITS og GK, der Bergen fikk totalt eit prosjekt. Tildelinga av eit senter for framragande forsking til eit av dei NTNU-miljøa som fikk heller svak evaluering stadfester eigentleg trenden.

Mitt eige institutt fekk karakteren “good” for begge gruppene som var med i NFR-evalueringa. Vi er små, men relativt unge og entusiastiske grupper, som har eit bruksretta perspektiv på IKT. Vi driv mykje med teknologiutvikling, men er opptatt av at dette skal skje i samspel med organisasjonar og brukarar. I høve til NFR har vi slitt veldig med finansiering. NFR har hatt nokre samfunnsvitskaplege og humanistiske program innan IKT, men vi har ikkje passa så godt der sidan vi vert for teknologisk “harde”. I høve til IKT-2010 og andre grunnforskingsprogram i NT vert vi igjen for lite “harde”, og vi har dermed sendt få søknadar til desse programma. Dei siste 10 åra (og sikkert før det og) har det altså vore eit vakuum mellom den sterkt teknologisk retta IKT-forskinga (slik den er definert av dei tre andre universiteta i Noreg) og den “mjuke” IKT-forskinga, og i det vakuumet ligg informasjonsvitskap og slit med pusten. I ein annan artikkel på UiB sine informasjonssider vert det frå næringslivet si side peikt på at det er kunnskap innan akkurat dette vakuumet som manglar i norsk IKT-forsking og -utdanning i dag.

Slik som utviklinga har vore er det mange ved instituttet som ikkje har sett på NFR som ei reell muleg finansieringskilde, med den konsekvensen at mange av oss ikkje har tatt bryet med å lage søknadar. Likevel har vi vorte flinkare på instituttet dei siste par åra, med det resultatet at vi nyleg har fått vår første NFR-stipendiat. At midlane kjem frå eit program innan museumsforsking er berre kjekt, men dokumenterer at det ikkje alltid er lett å finne finansieringskilder til forskinga vår.

Konklusjon: NFR si satsing innan IKT-forsking
1. er altfor mykje styrt av det som skjer i Oslo og Trondheim
2. manglar eit breitt spekter av forskingsområde som ligg i grenselandet mellom teknologiutvikling og samfunnsfag.

Kva skjer så internt på Universitetet i Bergen? For meg ser det ut til at universitetet og Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet er villige til å gje informatikk rammevilkår som gjer det mogleg for dei å halde fram med forsking på høgt kvalitativt nivå. Truleg vil mykje av det som har skjedd i IKT-evalueringa og gjere at UiB og informatikk lettare kjem på bana i høve til NFR. Men pass på! Ingenting kjem av seg sjølv!

Men dette gjeld informatikk. Når det gjeld informasjonsvitskap er nok stoda ei heilt anna. Med den haldninga universitetet sentralt og Det samfunnsvitskaplege fakultet tidlegare har vist i høve til ressursar til informasjonsvitskap trur eg at faget enno i mange år må slite med små forskingsmidlar og lite tid til forsking.

Informasjonsvitskap har i fleire år vore heilt i toppen blant dei aller mest effektive institutta ved universitetet når det gjeld vekttal produsert per hovud og per krone. Vi er som informatikk, utruleg gode på ein av kjerneaktivitetane ved universitetet, men det vert ikkje så mykje presseomtale av slikt. Dette er jo kjekt for universitetet, for slik har UiB fått høg produksjon av IKT-kandidatar, samtidig som ein ikkje har brukt nemneverdig med ekstra ressursar på dette. Instituttet har av og til fått midlar til nye stillingar, men talet på fast tilsette har likevel ikkje gått monaleg opp. Årsaka er sjølvsagt at når vi får ein tilsatt i ei nytildelt stilling, så sluttar ein annan på grunn av dårlege forskingsvilkår. Så vert den gamle stillinga inndradd. Status Quo!

Eit typisk eksempel på korleis universitetet handsamar informasjonsvitskap kjem frå nokre år tilbake. Departementet sendte over midlar for å auke opptak til hovudfag i IKT-faga, Universitetet sentralt tok ein god slump av pengane og gav dei til universitetsbiblioteket. Resten vart fordelt til informatikk/informasjonsvitskap etter nøkkelen: ein hovudfagsstudent ved informatikk er verd dobbelt så mykje i løyvingar som ein ved informasjonsvitskap. Grunnen til dette var sjølvsagt at mat-nat-studentar gjev dobbelt så store løyvingar som SV-studentar. At det reelle behovet til informatikk/informasjonsvitar-studentar ikkje står i same høvet, såg ikkje universitetsleiinga ut til å ta særleg alvorleg. Her var det viktig å få høgast mogleg studenttal. Om fotfolket slit ræva av seg, er ikkje så viktig. Dei klagar ikkje likevel.

Universitetet svarer gjerne med at dette er fakultetet sitt ansvar. Greitt nok, men i SV-fakultetet er informasjonsvitskap nokså på sida. Kjekt å ha, men ikkje eigentleg skikkeleg samfunnsvitskap. Faget får nok ressursar til at vi kan utdanne dei studentane som vil ta faget, det får greie seg. Innimellom, når utstyrsparken vert for dårleg, trår fakultetet til med ekstraløyvingar for at studentane ikkje skal sitje med utstyr som i næringslivet ville vore utdatert for nokre år sidan. Det viktigaste for SV-fakultetet er å holde oppe storleiken på forskarmiljøa i dei sentrale samfunnsfaga, der må ein jo ha forskingsmiljø med ei minste kritisk masse. Ei radikal omfordeling av ressursar er noko som vert vifta vekk med tåkeprat om utval, utgreiingar og grundige prosessar. For oss som er på informasjonsvitskap ville det vere ein draum som gjekk i oppfylling om vi kunne jobbe i eit forskingsmiljø på storleik med det andre meiner er kritisk masse for å kunne drive forsking. Då kunne det jo hende at ein fekk tid til å gjere litt grundigare forskingsarbeid, og kanskje kunne også forskarar på informasjonsvitskap fått “mykje godt” og kanskje til og med “særs godt” i ei NFR-evaluering.

Konklusjon: Universitetet i Bergen
1. er meir opptatt av talet på uteksaminerte IKT-kandidatar enn kvalitet over heile spekteret av IKT-forsking ved UiB
2. har ikkje ein organisasjon som støttar utviklinga av store og viktige delar av IKT-forskinga.

Powered by Labrador CMS