Ja, eg er optimist!

Publisert

I eit lesarbrev i På Høyden fredag 17.04.09, med referanse til oppslag i På Høyden same dag, kommenterer Jan Heiret og Gjert Kristoffersen nokre av emna som Heiret tok opp på valmøtet onsdag 15.04.09 i samband med valet til dekanat på HF: Fakultetsleiinga sin kommunikasjon med instituttråda og kontakt med grunnplanet, og saksførebuing og saksdokument til fakultetsstyret.

Kommunikasjon med instituttråda og kontakt med grunnplanet
Ved implementering av omorganiseringa har kommunikasjon og kontakt mellom dei ulike faglege og administrative nivåa vore ei av utfordringane. Det er to liner her: Først instituttleiing – instituttråd – tilsette, og over dette fakultetsleiing – instituttleiing – instituttråd.

Heiret og Kristoffersen kritiserer at det har vore dårleg kommunikasjon mellom fakultetsleiinga og instituttråda. Det er viktig at det er god kommunikasjon mellom fakultet og institutt, likevel er det ikkje den primære oppgåva til instituttrådet å vera eit informasjons- og kontaktorgan mellom fakultetsleiinga og instituttet. I Normalregler for instituttene. Kapittel 2: Institutter med tilsatt instituttleder  § 19 står det at instituttrådet er eit rådgjevande organ for instituttleiaren i saker som vedrører hovudlinene for instituttet si verksemd eller som er av stor prinsipiell betydning for denne, og at rådet skal fungera som informasjons- og kontaktorgan mellom instituttleiinga og dei tilsette og studentane. For tida vert instituttrådet si framtidige rolle diskutert i universitetsmiljøa. Jamfør høyringa om styrings- og leiingsformer på fakultets- og instituttnivå som no har vore i ulike organ ved HF.

Påstand om for dårleg kontakt mellom fakultetsleiinga og grunnplanet, kom opp etter at søknaden om å avbryta inneverande valperiode ved HF (som Heiret har underteikna) låg føre 05.01.09. Difor gav eg på valmøtet uttrykk for at slik kritikk burde ha kome fram tidlegare, og eg undrar meg over at han ikkje har kome før. Enno er det uklårt kva som er innhaldet i påstanden.

Saksførebuing og saksdokument
Godt kjend er derimot Kristoffersen sin kritikk. Dei siste to-tre semestra har han stendig hevda at saksførebuinga og saksdokumenta til fakultetstyret har vore for dårlege. Så vidt eg kan sjå, er kvaliteten på saksførebuinga og kvaliteten pÅ sakspapira til fakultetstyret av same høge kvaliteten som den ein har hatt det siste ti-året på HF-fakultetet.

Optimisme
Heiret og Kristoffersen nemner også, som rett er, at optimisme ikkje er nok for å løysa økonomiske problem. Difor sette eg den økonomiske situasjonen inn i ein institusjonell kontekst, og peika på tiltak for å avhjelpa denne. Men optimisme er viktig for å kunna koma vidare, og optimisme – kopla med konstruktiv kritikk – er dessutan sentral for å halda oppe kvaliteten og nå nye mål innom forsking, undervisning og formidling i Akademia. Skal vi gjera HF-fakultetet endå betre enn det er i dag, er det dessutan viktig med samarbeid og felles løft.

 

Powered by Labrador CMS