Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Dette lett omskrivne Ibsensitatetet oppsummerer for meg resultata frå inneverande rektorperiode. Det manglar ikkje på gode, velformulerte prinsipp og intensjonar. Men likevel har det ofte enda opp i ei rekke symbolhandlingar, med ein stadig meir kontrollretta administrasjon, spesielt knytta inn mot den såkalla kvalitetsreformen. Samtidig har det skjedd ei nedbygging av ei planleggande og handlingsretta leiing i tillitsmannsapparat og administrasjon. Difor blir evnene til det øvste leiarnivået når det gjeld å fange opp og bedømme lokale iniativ og vurdere internasjonale utviklingar, uhyre viktig for å sikre den faglege utviklinga som trengs. Men dette er til liten nytte viss universitetet ikkje har verktøy som kan bearbeide gode iniativ fram til vedtak om strategi og realisering. Det er her den nåverande leiinga har svikta. Situasjonen inneber at universitetet treng kompetent og handlingssterk leiing og administrasjon som kan føre sterke faglege og truverdige initiativ fram til eit nivå der ein kan konkurrere om ressursane. Det er ei ulykke for Universitetet i Bergen at denne kompetansen snarare er bygt ned enn styrka gjennom siste rektorperiode. Brevet til ”På Høyden” frå dei åtte instituttleiarane ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet understreker dette, men dei som trur at denne problemstillinga berre gjeld realfaga, tek grundig feil. Eit universitet må ha ein brei og god disiplinær basis i forskning og undervisning. Men Universitetet i Bergen og omliggande forskningsmiljø treng å bygge og å vedlikehalde sterke forskningsmiljø innan ulike profilområde dersom vi skal vere attraktive for studentar og fagpersonell. Dette er også nødvendig om vi skal ha tillit hos dei som finansierer forskning. Slike profilområde kan vere reint disiplinære, men dei representerer ofte utfordringar som berre kan løysast gjennom fleirdisiplinært og internasjonalt samarbeid. Universitetet i Bergen toler ikkje meir av det same i ein ny rektorperiode. Vi treng å bygge ein langt meir handlingsretta organisasjon .
La meg gjere det klart at eg trur på eit universitet med basis i ein demokratisk styringsstruktur, ikkje minst fordi det skaper vilkår for open informasjon, noko som også gjer det mogeleg for alle å uttrykkesi meining om undervisning, forskning, forskningspolitikk og arbeidsvilkår generelt. Men samtidig er det klart at eit slikt system kan vere noko av det mest konserverande ein kan tenkje seg ved at eit etablert fleirtal kan kvele eit kvart nytt initativ nedanfrå.
Gjennom fleire år har den tradisjonelle offentlege finansieringa av universitetssystemet blitt svekka på internasjonal basis. I Norge er denne trenden svakare enn andre stader. Men også for oss betyr dette at meir prosjektretta finansiering må sikrast gjennom dialog med departement, med eit stadig meir programretta forskningsråd, med EU-forskning, med industri, med forvaltning og med gjevarar av private donasjonar. Det som kompliserer dette biletet ytterlegare, er at fleire partar utanfor UiB ofte må vere med på utføringa av forskningsprosjekt som har slik blanda finansiering.