Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
På innføringskursa i metode får studentar høyre at resultat og samanhengar skal framstillast på ein etterretteleg måte. I den pågåande rektorvalkampen ser det dessverre ut til at enkelte tilsette har gløymt dette i sin iver etter å få fjerna det sitjande rektoratet. I siste nummer av BIO-INFO (10/2009, 13.mars 2009) presenterer instituttleiar på Institutt for Biologi, professor Jarl Giske, ein oppsiktsvekkande graf. Bodskapen er den same som den gjennomgangsmelodien vi den siste tida har høyrt frå rektorkandidat Rolf K. Reed: Det går ad undas med UiB, og dette er mest av alt den sitjande rektoren, Sigmund Grønmo, sin feil. Professor Giske finn særleg glede i å samanlikne UiB og NTNU, og vik ikkje tilbake for å presentere ein graf som ville ført til direkte stryk på innføringskursa i elementær statistisk metode, og som dessverre også kunne gå rett inn i Darell Huffs klassiske lærebok ”How to lie with statistics”: Meiner verkeleg professor Giske at denne presentasjonen er i tråd med god statistisk skikk, ein framgangsmåte som elles den same som er nytta i det kollektive innlegget publisert i ”På Høyden” den 18.3.2009. Med ei korrekt framstilling av denne grafen, der 0-punktet på Y-aksen hadde vore utgangspunktet, ville den ta mesteparten av plassen på ei A4-side. Då hadde biletet vorte eit anna enn det professor Giske finn grunn til å blåse i kriseluren for, og som Rolf K. Reed viser til, og med det også gjev si støtte til i det nyleg utsende (attpåtil med leseplikt!) Nyhetsbrev nr. 5/2009 til Institutt for Biomedisin. Som tabell 1 nedanfor viser, er ikkje forskjellane så dramatiske som dei Giske vil ha det til. Biletet er snarare eit av stabilitet for så vel UiB, UiO, NTNU og UiTØ: Tabell 1: Institusjonsandelar av publikasjonspoeng i U&H-sektoren i Noreg, 2004-2008. Data henta frå Database for statistikk om høgare utdanning (DBH) Ein ting er det Giske ikkje nemner at andelen Nivå 2-publikasjonar i praksis er identisk ved UiB og NTNU (22,2% mot 22,4%), eller at UiB i tidsrommet frå 2004-2008 har auka det absolutte talet publikasjonspoeng frå 1832 til 2239, dvs. ein auke på 22%. Mot denne bakgrunnen burde instituttleiar Giske kanskje gå litt stillare i dørene enn det han faktisk gjer. For nyttar ein materialet frå DBH like systematisk selektivt som det Jarl Giske gjer, får ein desse resultata for hans eige institutt, Institutt for biologi, i den perioden han sjølv har vore ”adm.dir.”: 1) I 2008 oppnådde BIO ”kun” 103,4 publikasjonspoeng, mot 107,8 poeng i 2004. 2) I 2005 opplevde BIO ein reduksjon på nesten 18% (!)i høve til 2004 (ein nedgang til 88.8 poeng). 3) Det er kun i 2006 at instituttleiar Giske kan vise til høgare tal (109.1 poeng) enn det ein hadde før hans noverande instituttleiarperiode tok til. I relative tal har Giske altså som tilsett styrar bestyrt ein nedgang frå 5,9% av publikasjonspoenga ved UiB i 2004 til 4,8% i 2008. Variasjonar som dette både kan og vil det vere både gode og mindre gode grunnar til, men det skuldast neppe det at Sigmund Grønmo har vore rektor ved UiB i dette tidsrommet Giske har styrt på. Verre er det at professor Giske ikkje stiller eitt einaste kritisk spørsmål til kva det er som vert registrert i DBH, kva det er som faktisk gjev uttelling, og korleis institusjonsspesifikke tilhøver verkar inn på resultata ein kjem ut med. Det er det gode grunnar til å gjere, for 10.1. 2007 uttalte universitetsbibliotekar Arild Søntvedt ved nettopp NTNU dette i Universitetsavisa: ”- Vi økte mest i fjor fordi vi ble flinkere til å registrere, og vi fikk flere konferansebidrag inn som tellende vitenskapelig publisering. Det som er litt spesielt for NTNU er at vi har dobbelt så mange konferansedeltakelser som de andre universitetene. Vi har ennå ikke fått godkjent alle konferanseseriene vi har søkt om, men vi har likevel godt håp om en økning i publikasjonspoengene, sier Søntvedt.” (Mi utheving) At Jarl Giske går hardt ut i mediene, er ikkje noko nytt. Verre er det at hensikta no ser ut til å heillaggjere dei midlane han tek i bruk, og at det skjer med rektorkandidat Reed si aktive tilslutning. Er det med slike verkemidlar professorane Giske og Reed vil styre UiB, og føre sin dialog med det dei omtaler som samfunnslivet?
2004
2005
2006
2007
2008
UiB
18.9
16.2
16.5
15.9
15.1
UiO
38.0
32.0
31.0
29.7
30.9
NTNU
15.7
19.0
18.7
20.0
19.5
UiTØ
6.0
6.8
7.1
7.2
7.5