Kan UiB bli betre kjent og rangert?

Publisert

I ei nylig publisert oversikt vart det klargjort at UiB ikkje var oftast framme i norske media. Vår Formidlingsavdeling gjekk straks ut og sa at dette skulle det betrast på. Men er det denne avdelinga som kan få UiB fram i media? Det er vel forskinga og forskingsresultata som må fram? Spørsmålet er då om me har forsking media er interessert i. Eller er det bergensforskarane som ikkje kan kommunisera med media?

Formidlingsavdelinga har ei viktig rolle å spela for å dra studentar til UiB. Også når det gjeld å få søknader til doktorgradsstipend og stillingar ved UiB kan kanskje denne avdelinga reklamera for UiB. Men her er det forskingsmiljøa og ikkje minst forskingsnivået som er viktigast, og sjølvsagt at framtidige søkjarar til stillingar ved UiB kjenner vårt universitet. Dei må bli overtydd om at å jobba ved UiB er viktig for framtida deira slik dei tenkjer seg den. Altså kva UiB kan gjera for dei som andre universitet ikkje kan gjera like godt! Utan gode forskingsmiljø er ikkje UiB som arbeidsstad interessant. På T-banen i Oslo reklamerer NTNU med at dei er ”Det skapende universitet”. Tilsvarande reklame for UiB er ikkje lett å finna korkje i Bergen eller andre byar.

I dei internasjonal universitetsrangeringane publisert på seinhausten i fjor når ikkje UiB opp på noko område. Universitetsleiinga går sjølvsagt ut og seier at dette skal det rettast på. Det skulle berre mangla at dei ikkje sa det! Men denne proklameringa kjem utan ei evaluering av kvifor UiB får slik ei dårlig rangering eller forslag til korleis ein vil finna ut av årsaka til denne dårlige posisjonen. Skal Bergen koma på det internasjonale universitetskartet er det berre ei satsing på forsking som vil hjelpa. Programerklæringar som ”Forskingsuniversitet” eller ”Det internasjonale universitet” er slag i lause lufta utan at meir ressursar til forsking vert gitt forskarane.

Skal UiB bli eit ”forskingsuniversitet” med internasjonal profil må primært tilgongen til frie forskingsmidlar aukast vesentlig og tida forskarane kan bruka på forsking også vesentlig aukast. I dag skal me nytta 50% av arbeidstida til forsking; me skal altså vera deltidsforskarar. Mange av forskarane ved UiB nyttar meir enn 50% av regulær arbeidstid til undervising og administrative oppgåver. Sidan gjennomsnittleg arbeidstid ligg på 50 timar eller meir betyr det at forskinga ofte må gjerast i fritida; altså som ”hobbyforsking”. Utan ei unik vilje til prioritering på forsking med meir midlar både når det gjeld forskingstid og økonomi glir alle gode mål ut i sanden.
Termen ”forskingsuniversitet” vert nytta internasjonalt og universitet som Harvard, MIT, Columbia blir omtala som dette. UiB og dei andre universiteta i Norge ligg lysår etter i forskingsressursar til å nå opp mot desse, slik er det berre. Å kalla UiB eit forskingsuniversitet blir difor i internasjonal samanheng berre ein dårlig vits langt vekke frå alle realitetar.

Reorganisering av forskingsmiljøa på ulik vis har dei seinare åra vore prioritert høgt og nærast blitt sett på som eit tryllemiddel for betring av forskinga. Det er ikkje parallelt utarbeid opplegg for korleis effekten av omorganiseringstiltaka på forskingskvaliteten skal eller kan evaluerast. Sidan mange ytre forhold også vil endrast, kan ein påstand om at dei ulike reorganiseringa ikkje har nokon effekt på forskingskvaliteten eller har negativ effekt, ikkje utan vidare tilbakevisast. Reorganiseringa er i alle fall tidkrevjande.
All tida me som universitetslærarar brukte på kvalitetsreformarbeidet vart me ikkje kompensert på og svært mange lærarar opplever snart to år etter innføringa at denne reforma krev meir tid av dei og at det altså vert mindre tid til forsking. Altså reduserer Kvalitetsreforma UiB sin muligheit til å bli markert på det internasjonale universitetskartet. At studentproduksjonen reint kvantitativt aukar er bra, men ei evaluering av kvaliteten på undervisinga er ikkje lett å gjennomføra. Ein treng ikkje universitetsutdanning for å telja studentpoeng!

Leiinga ved UiB har i mange år gjort ein utruleg god jobb med å skaffa midlar til nye og viktige bygg med god funksjonalitet. Utfordringa for oss alle er no korleis me skal få midlar til å fylla desse bygga med forsking som set UiB på det nasjonale og internasjonale kartet i ulike samanhengar.

I møte med forskarar i utlandet har eg sjølv opplevd at mange veit kvar Bergen er, få veit at det er eit universitet der, sjølv om dei kanskje har besøkt Bergen som turist.
”I was traveling through Bergen five years ago but did not realize you had a university” er eit ikkje uvanlig utsegn eg har høyrt. Sjølv om UiB er eit byuniversitet er det altså ikkje alltid lett å oppdaga det i bybiletet for ein tilfeldig besøkande. Kor populært eller lett er det til dømes å kjøpa T-skjorter eller anna med UiB-logo på?

I dag er det vanskelig å få midlar til å dra på internasjonale møter, det er grunna undervisings- og andre plikter vanskelig å finna tid til det og det er ikkje i alle miljø vilje til å la forskarane opphalda seg ved utanlandske forskingsinstitusjonar utanom sabbatsåret. Dette merkast m.a. godt i samband med administrering av utvekslingsavtalen med Seattle og Newfoundland.
Dei økonomiske vilkåra for å ta forskingsår er blitt dårligare og for USA-opphald (der tre kvart av alle Nobelprisar har vorte utdelt dei siste tiåra!) har skattemyndigheitene gjort ei vesentlig innskjerping i skattefritaket og av økonomiske grunnar vil ikkje så mange kunna dra dit etter denne endringa; i alle fall ikkje om dei er unge og har familie.

Så med alle endringane som skjer er det i 2005 endå vanskeligare å få UiB ”fram i lyset” både på den nasjonale og internasjonale arenaen enn det det har vore tidlegare. Me har difor litt av ei utfordring om me har det som mål. Det er all grunn til å ynskja den nye rektoren lykke til med dette arbeidet. Han vil ha nok å ta fatt på!

Powered by Labrador CMS