Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Wikipedia er eit gratis, nettbasert leksikon som er finansiert av frivillige gåver. På kort tid har det internasjonalt blitt ei av dei viktigaste oppslagsverk for folk flest. Ikkje minst studentar, skuleelevar, lærarar og journalistar er flittige brukarar. Wikipedia blir av mange oppfatta som eit seriøst leksikon på linje med Encyclopedia Britannica, men dette er langt frå tilfelle. Internasjonalt har det komme fram massiv kritikk av Wikipedia spesielt i akademiske fora. (Sjå http://en.wikipedia.org/wiki/Criticism_of_Wikipedia.) Tilsvarande kritikk har berre i liten grad komme fram i norske media. Ved amerikanske universitet blir det ofte gjort narr av dei som stør seg på informasjon frå Wikipedia (sjå t.d. www.collegehumor.com/video:1830262). Eit av hovudankemåla mot systemet er at det er lett å manipulere av interessegrupper. Innhaldet i Wikipedia blir styrt av redaktørar med såkalla administrative fullmakter. Desse skal syte for at innhaldet held eit viss fagleg minstemål. Skal eit slikt system vere truverdig er det særs viktig at redaktørane ikkje sortere ut innlegg som ikkje passar med eigne synspunkt. Wikipedia skal i prinsippet følge “the concept of neutral point of view”, men det blir det ofte synda mot. Til dømes har det nyss blitt avdekka ei storstilt manipulering av innhaldet i Wikipedia som omhandlar eit så brennbart tema som klimaforsking. William Connolley, britisk Green Party aktivist, er nest etter Al Gore, rekna som ein av dei viktigaste forkjemparane for konklusjonen i FNs klimarapport. Sidan 2003 har han hatt verv som senior redaktør for kunnskap om klimaspørsmål. Det syner seg nå at Connolley har vore særs aktiv i denne perioden. Han har sjølv skrive 5428 innlegg, han har omskrive omlag 500 artiklar der innhaldet ikkje stemte heilt med hans syn på global oppvarming. I alt 2000 bidragsytarar i dette feltet har blitt stengt ute frå Wikipedia på grunn av avvikande meiningar. Det ser ut som Connolley har brukt databasen til misjonsverksemd for å fremje eigne synspunkt. Saka kom opp i full bredde i samband med ei anna sak der han hadde synt slett dømmekraft. Connolley har nå blitt sparka som redaktør, men i snart 6 år har han fritt kunne manipulere innformasjon om klima i Wikipedia. Spørsmålet er om også andre fagområde i Wikipedia er utsett for tilsvarande systematisk manipulering? Kva med medisinsk forsking? Her står store farmasøytiske konsern bak mykje av den informasjonen ein finn. Kva med kvalitetssikring av medisinsk informasjon som kjem på trykk i Wikipedia? Er den like lemfeldig som den som ar avslørt innan klimaforsking? Ein av dei sterkaste kritikarane av Wikipedia er Oliver Kamm (lederskribent i The Times frå 2008) . Her er eit lite utdrag av ein artikkel i London Times (November 25, 2009) ” Wikipedia is routinely cited in online articles as a substitute for explanations of concepts, events and people. It has thereby coarsened public culture. It is an anti-intellectual venture to its core. Knowledge is democratic in the sense that no one has the right to claim the last word. Wikipedia is democratic in the different and corrosive sense that anyone can join in regardless of competence. Every editor’s contribution is of equal value. That is an affront to the notion of disinterested intellectual inquiry. What Wikipedia prizes is not greater approximations to truth but a greater degree of consensus. There are many Wikipedia articles that are scrupulous, balanced and fair treatments of their subjects. But these are liable to be overthrown at any time by an editor with an idée fixe and an empty life. The loudest voices and most obsessive contributors become the arbiters of truth. The periodic scandals that have afflicted Wikipedia are not accidents: its culture invites them. Wikipedia stands for vainglorious amateurism. “