Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Om ein student ved UiB vil lære kinesisk språk på eit brukbart nivå, kva skal han/ho då gjere? Per i dag er alternativa sjølvstudium, migrasjon til eit universitet som faktisk satsar seriøst på Kinakompetanse, til dømes UiO, eller å reise til Kina. I Bergen er det lite hjelp å få. Det er neppe naudsynt å påpeike Kina si veksande rolle i global økonomi og politikk. Næringsminister Trond Giske og minister for høgare utdanning Tora Aasland har begge uttrykt ein iver etter norske Kinakjennarar som kan styrke relasjonen mellom Kina og Norge. Dette har ikkje gått UiB hus forbi, for å sitere universitetet sjølv: “Universitetet i Bergen går i bresjen for et styrket samarbeid mellom Norge og Kina innen forskning og undervisning.”. Førsteamanuensis i samanliknande politikk Torstein Hjellum frå UiB var engasjert i arbeidet med Nordic Center ved Fudan University i Kina,og dette er no velfungerande. Bergen har til og med Noregs einaste Konfuciusinstitutt som sørger for svært kompetente lærarar frå Kina. Jamvel er Kinasatsinga ved UiB skuffande, og få studentar frå UiB tek imot tilbodet om utveksling til Kina. No er tida inne for å ta steg i retning å utruste studentar ved UiB til å ta fatt på Kina som fagfelt. Nøkkelen er språkkompetanse. Alle som har hatt noko særleg med Aust-Asia å gjere, som turist, student, forskar, eller i kva som helst samanheng, må ha oppdaga at ein ikkje kjem langt med engelsk. Ikkje om ein vil bevege seg utanfor dei største turistmøllene eller dei høgast utdanna kretsane. Skal ein gjere eit kva som helst slags studium i Kina eller andre aust-asiatiske land må ein beherske i alle fall eit minimum av språket. Dette er kjerneproblemet. Studentar i Bergen som vil studere kinesisk språk for å kunne ta fatt på studier i Kina møter etter kort tid stengde dører. På det noverande tidspunktet er tilbodet for dei som vil studere kinesisk språk ved UiB svært begrensa, med berre 30 tilgjengelege studiepoeng. Som studium av eit så krejvande språk som mandarinkinesisk er dette latterleg lite. Det oppsiktsvekkande er at for ein gongs skuld er det viljen og ikkje berre økonomi som set sperrer. Rett nok er det på grunn av økonomi at det ikkje finnast nokon eigen vitskapleg tilsett for å undervise eller administrere Kina-, eller Aust-Asiastudier ved UiB, men det er ikkje berre på grunn av dette at tilbodet no er kutta til 30 studiepoeng fordelt på emna KIN101 og KIN102. Førre undervisingsår var tilbodet på 60 studiepoeng, med emna KIN 103 og KIN 104 undervist i vårsemesteret. Dette tilbodet, som ville vore ei god innføring i kinesisk språk, vart halvert på prinsipielt grunnlag. I ly av prinsippielle og økonomiske unnskuldingar vert det i UiB sitt syn tilsynelatande irrelevant at Bergen Konfuciusinstitutt (BKI) stiller med godt kvalifiserte lærarar som BKI sjølv lønnar og det vert irrelevant at denne halveringa av tilbodet etterlet studentane snytt for ein brukbar kompetanse. Kinesiskstudiet er no så lite at den totale kvaliteten ligg på eit nivå langt under det som burde vere å forvente. At å etablere Kinastudier er ein lang prosess forstår ein kvar, men at UiB vel å ikkje nytte dei tilgjengelege ressursane på best mogeleg måte er uforståeleg. BKI er ein ressurs for alle utdanningsinstitusjonar i Bergen, vert denne ressursen godt nok nytta? Ville HiB eller NHH kunne nytte dei tilgjengelege lærekreftene på ein meir føremålstenleg måte? Per i dag ligg UiO einsame i tet når det gjeld Kinastudier i Norge. Skal UiB og Bergen ta steg i retning av å utvikle ein kompetanse på Kina er ei full årseining på 60 studiepoeng i kinesisk språk eit minstemål, men ein god start. Ei vidare satsing på Kinastudier med fokus på mellom anna samfunn, kultur, politikk og historie er både omtala og etterlengta, men kva skjer heilt konkret for å nå fram til dette og utruste studentar og forskarar til å møte dei aktuelle globale prosessane vi er vitne til? Om ein manglar kompetanse og engasjement, kva med å investere i studentar no som kan utgjere nettopp dette om nokre år? Ressursane er tilgjengelege og tilhøva gode. Konfuciusinstituttet vil gjerne undervise, studentane vil gjerne lære og Bergen vil gjerne verte eit senter for Aust-Asiakompetanse. Det finnast til og med både akademisk og kommersiell etterspørsel etter Kina- og kinesiskkjennskap. Undervisningskreftene er betalt og studentane viljuge. Kva ventar vi på?