Kjell Bjørndalen som språkpolitisk rollemodell

Det hende ein gong rundt 1980 at ein representant for oljeselskapet Statoil sende brev til Noregs Fiskarlag og fekk svar. Brevet var forfatta på engelsk av ein nordmann, og svaret var forfatta på islandsk av ein annan nordmann i irritasjon over det absurde i at nordmenn skulle kommunisera med nordmenn på framandspråket engelsk.

Denne historia går for å vera sann, men dokumentasjonen min ligg nedstøva i gammalt arkivmateriale frå arbeidet med fornorsking av oljespråket på 1980-talet. Personar i dei miljøa det gjeld, kan sikkert stadfesta eller avkrefta. Uansett er historia ?sann? fordi ho faktisk verserte offentleg, mellom anna til inspirasjon og kveik for framståande språkfolk, politikarar og representantar for oljenæringa som meinte det var på tide å visa at morsmålet dugde som kommunikasjonsmiddel. Det fekk som kjent viktige praktiske følgjer: Norsk oljespråk, slik det kjem fram i media i dag, er «usynleg» fordi det er norsk; ein suksess fordi ingen bryr seg med det, kunne ein seia.

Det er mykje som har endra seg på det kvarte hundreåret som har gått sidan brevvekslinga mellom Statoil og Fiskarlaget. Dei aksjonærvalde styremedlemene i det nye oljeselskapet StatoilHydro er presentert på E24 som ei samling framståande nordmenn, med eitt unntak. Men det er alt fleire år sidan begge selskapa Hydro og Statoil innførte engelsk som konsernspråk. Når så LO-toppen Kjell Bjørndalen vert peika ut som representant til styret i det samanslegne selskapet, er det dei manglande engelskkunnskapane hans som vert tema i det offentlege ordskiftet (lett ironiserande, i nokre medieoppslag).

Kjell Bjørndalen må utropast til eit førebilete (som «role model» burde heita på norsk) når det gjeld språkleg sjølvinnsikt. Han vedgår at engelskkunnskapane hans ikkje er gode nok, og han vil gjera noko med det. Det er faktisk vanlegare at nordmenn oppvurderer sine eigne engelskkunnskapar omvendt proporsjonalt med alder, erfaring og reelt kompetansenivå, og ein utanforståande kan gjerne gå ut frå at Bjørndalen kjem til å meistra denne arbeidssituasjonen like bra som dei fleste andre. Dette endrar likevel ikkje på det prinsipielle. Ingen har problematisert det absurde som Fiskarlaget peika på rundt 1980, og som no faktisk er vorte sant, at engelsk i aukande grad vert gjort til primært arbeidspråk mellom nordmenn – til og med i selskap der staten har sterke interesser. Ikkje før no, når LO har rykt ut og bede arbeidsminister Bjarne Håkon Hanssen syta for at norsk vert lovfesta som arbeidsspråk i styrearbeid (Ellen Stensrud i E24 8.5., Leif Sande i Dagsavisen 8.5.). Utspelet kan ha treft ein nerve, mellom anna er støtta på leiarplass i Aftenposten 8.5. gledeleg.

I eit språkpolitisk klima der det har vorte stadig vanskelegare å problematisera ukritisk bruk av engelsk i næringslivet utan å framkalla overberande ironi, er det på høg tid å få sett på sakskartet dei språkpolitiske konsekvensane som dette har for norske arbeidstakarar og for demokratisk deltaking i samfunnslivet. Om næringslivet kanskje er hovudarenaen når det gjeld manglande språkpolitisk prinsipiell tenking, så er heller ikkje den akademiske sektoren problemfri. Men på den sektoren finst det likevel kritikk, diskusjon og ei uro som kan fungera mobiliserande. Kunne fagrørsla medverka til å senda slike impulsar inn i næringslivet, ville det gje norsk språkpolitikk ein ny dimensjon.

Innlegget er tidligere publisert på Språkrådets nettsider og i Dagbladet 15.05.07.

Powered by Labrador CMS