Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I kronikken ”Omstridt eierskap” gjengitt her den 24. april (først trykt dagen før i Klassekampen), uttrykkjer Terje Østigård uro for at eigarskapet til kyrkjene her i landet ein gong i framtida ikkje skal verte ansvarleg utøvd. Han meiner dette er eit spørsmål som er for lite problematisert. Men grunnen til at det er lite strid om dette, er etter mi meining den at vi i dag har ein modell for eigarskap og finansiering som eit fleirtal meiner er velfungerande og tenleg. Etter det siste forliket i Stortinget skal modellen førast vidare (jfr. Stortingsmelding nr. 17, lagd fram 11. april i år). Forholdet mellom staten og Den norske kyrkja er så klart ei lang historie og ei viktig prinsipiell sak for landet og for kyrkja. Men når det gjeld eigedom og forvalting av kyrkjene er det i hovudsak kommunane, og ikkje staten direkte, som saman med Den norske kyrkja har ansvaret. Kyrkja har to rådsnivå som dette ansvaret kviler på frå dag til dag og frå år til år, og det er soknerådet og, særleg, det kyrkjelege fellesrådet. Det er i dag soknet som er den juridiske eigaren av kyrkjene. Slik har det vore lenge, og det er seinast fastslege i Kyrkjelova av 1996, som ein no styrer etter. I kommunar med fleire sokn, som Bergen, seier lova vidare at det skal vere eit kyrkjeleg fellesråd. I fellesrådet sit det representantar for kvart av sokna, desse er soknerådsmedlemer som er innvalde til fellesrådet av sokneråda. Kommunen er også representert, samt den geistlege tenesta. Lova legg ansvaret for bygging, drift, forvalting av kyrkjebygningar og kyrkjegardar til fellesrådet. I saker som vedrører dette står sokna dermed ikkje fritt, men har eit lov-avgrensa skilje mot fellesrådet som har styringa på desse felta. Så finansierer kommunen, etter same lov, det meste av bygnings- og kyrkjegardsoppgåvene. Budsjettet vert bestemt av kommunen etter innspel frå fellesrådet om kva som trengst for å utføre tenester som oppfyller lovpålagde behov. Den kostnadskrevjande og kompetansekrevjande bygnings- og kyrkjegardsdelen av Den norske kyrkja si verksemd er difor gitt ei samla styring, og det er mogeleg å drive tenestene på ein god måte i samarbeidet mellom kommunane og dei kyrkjelege fellesråda med deira tilsette. Dette er den eine arbeidsgjevar- og finansieringsdelen av kyrkja slik ho er organisert, og den er styrt av eit råd med eit fleirtal av demokratisk valde lekfolk. Så har kyrkja også ein geistleg organisasjon, med ei arbeidsgjervarlinje der biskopar, prostar og prestar inngår. Det er denne som er direkte statsfinansiert. At lokalsamfunnet har eit bygningsmessig ansvar for kyrkjene er ei gamal ordning her til lands, og den varer enno og er fastslegen i kyrkjelova av 1996. Etter denne lova er det framleis kommunen som har ansvaret for å finansiere bygningane, når det gjeld nybygging, vedlikehald og drift. Dette ansvaret er faktisk slik plassert utan omsyn til antikvarisk status så lenge bygningen er i bruk som kyrkje. Soknerådet på si side har ansvar for den kyrkjelege verksemda i soknet, i samarbeid med prestetenesta. Stortingsmelding nr. 17 gjer ikkje framlegg om å gå bort frå modellen med kyrkjelege fellesråd og kommunalt finansieringsansvar. Grunnen til det, er vel rett og slett at vi her har ei god ordning, og at denne har brei støtte. Østigård nemner Mariakyrkja her i byen, som er både ei soknekyrkje og ein freda bygning i antikvarisk særklasse. Eg vil i den forbindelse få peike på det gledelege faktum at det profesjonelle og tillitsfulle samarbeidet mellom Bergen kyrkjelege fellesråd og Bergen kommune i 2007 resulterte i at det vart sett av i storleik 60 millionar kroner på kommunens budsjett for 2008 og dei næraste åra, og i tillegg vart i storleik 20 millionar kroner utløyst frå staten for å ta vare på nettopp Mariakyrkja. Fellesrådet arbeidde aktivt med denne saka ut frå ei ansvarskjensle for det antikvariske. Også Fanakyrkja får som kjent ei betydeleg oppussing no i vår, som resultat av ei behovssynleggjering frå fellesrådet si side overfor kommunen. Sjølvsagt er det mange attståande behov, store og små. Det er likevel ikkje nokon dryg påstand at det faktisk vert teke ansvar i den modellen vi no har for eigedom og drift av kyrkjebygningane. Det er etter mi meining klokt å halde på den, noko også den seinaste stortingsmeldinga meiner.