Korleis skal makta brukast, Reed?

Publisert

Rektorkandidat Rolf K. Reed ynskjer seg makt over Universitetet i Bergen. At Reed har vilje til å bruke den makta han eventuelt vil få, rår det liten tvil om. Men knappe to veker før valet startar, er det framleis uklart korleis Reed vil bruke den makta han aktivt søkjer. Klare og eintydige svar har så langt vore mangelvare.

Det er urovekkjande, for i eit intervju med “På Høyden” den 5. mars seier Reed ma.:

“Det er ikke sikkert at UiB har økonomi til å sikre hele bredden innenfor alle fagområder, hvis en skal sikre kvaliteten.”

Då melder tre konkrete spørsmål seg som det bør vere mogleg å gje like konkrete svar på:

Kva fag og/eller fagområder ser Reed føre seg skal svekkast, eller i ytste konsekvens leggast ned?

Vil Reed legge andre kriterier til grunn for å gjere slike vurderingar enn dei som allereie er i bruk? Kva for kriterier er i så fall dette, og korleis vil han grunngje desse?

Og kven meiner Reed skal ha makt til å fatte desse avgjerslene?

Powered by Labrador CMS