Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I eit intervju med professor Rolf Reed i Bergens Tidende 21.02. går det fram at Reed stiller som kandidat til rektorvalet ved Universitetet i Bergen og han gjer dette ut frå eit ønske om ”en dreining av den kursen universitetet er på” og om ”bredere allianser, blant annet mot næringslivet”. Eg har eit par spørsmål til avklaring. Men først nokre merknader til det underliggjande og avgjerande spørsmålet: Kva er det eit universitetet kan, som er viktig og som universitetet kan betre enn andre? Svaret er, vil eg meine: (i) fri forsking, forskingsbasert undervisning, og forskingsbasert formidling, primært som diskursiv deltaking i det offentlege rom, (ii) og at dette skjer i ein institusjon som omfattar ”alle” faglege disiplinar, og ikkje berre eitt eller eit fåtal av fag. Det er ikkje slik at det som er felles for all universitetsforsking er forsking som gir nyttige resultat til instrumentell bruk og økonomisk vinst. Det som er felles for all universitetsforsking er open, redeleg og kritisk diskusjon – i alle fag avsluttar doktorgradskandidatane med eit diskursivt forsvar av eit originalt forskingsarbeid. Felles er det også at føresetnader, framgangsmåtar og resultat skal testast, men måten det skjer på varierer frå fag til fag, anten det no er i laboratoriet, i felten, eller ut frå tekstar. Derfor er det avgjerande for eit godt universitet at dei institusjonelle og finansielle rammevilkåra blir tilpassa dei ulike fag på dei område der dei er ulike og at det samtidig blir lagt til rette, institusjonelt og finansielt, for dei oppgåvene som er felles for alle fag, og det gjeld, som sagt, den opne, redelege og kritiske diskusjon, i faget og mellom fag. Spørsmålet til Rolf Reed er dette: Vil han arbeide for å fremje det som er felles for alle fag og som er det særeige for universitetet som institusjon? Eller vil han endre universitetet ut frå det syn at universitetet primært bør vere leverandør av instrumentelt nyttige forskingsresultat for næringsliv og forvaltning? Spørsmåla er viktige, for dersom det sistnemnde synet blir lagt til grunn, inneber det at han ser bort frå det som er felles for alle fag og som er det særeigne ved universitetet som institusjon. Og i så fall ville dette føre til ei splitting av universitetet mellom instrumentelt nyttige fag og dei som har andre funksjonar, til kortsiktig fordel for dei førstnemnde og til skade for dei sistnemnde. Når det er tale om kursendring og om alliansar mot næringslivet, er det viktig at desse spørsmåla blir avklara før rektorvalet. Leserinnlegget var først publisert i Bergens Tidende 25. februar 2009