Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Fagleg leiing er eit hovudelement i styringsstrukturen ved Universitetet i Bergen (UiB). Ved UiB har vi delt leiing som tyder at det finst ei fagleg og ei administrativ leiing – frå sentralt hald til instituttnivå. To faglege styringsmodellar I dag har vi ei open og fleksibel fagleg styring ved HF, ein styringsmodell som er i tråd med akademisk fridom. Denne modellen vil den sitjande dekanen og dei nye teammedlemane føra vidare. Eit alternativ er ein stram og rigid modell som byggjer på grannsame planar om detaljregulering og kontroll. Ein slik stram modell meiner vi i verste fall kan føra til stagnasjon, manglande framdrift og mangel på visjonar, noko HF ikkje er tent med. Store endringprosessar, open styring og positive resultat Vi har mange positive resultat å visa til i denne perioden. Vi har nådd mange mål og fleire mål som aldri er nådde ved fakultetet tidlegare. Vi kan nemna nokre av desse: Sentra våre Senter for mellomalderstudiar (CMS), Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) og Senter for viskapsteori (SVT) har vist stor og solid aktivitet. CMS kom styrka ut av midtvegsevalueringa. Ved Griegakademiet har det kome ein god og fagleg solid tilvekst som no er i stor framgang, musikkterapi. Aldri har så mange disputert ved HF, aldri har HF uteksaminert så mange hovudfags- og mastergradskandidatar, aldri har publiseringsraten vore så høg ved fakultetet, aldri har fakultetet henta inn så mange eksterne midlar, aldri har vi hatt så mange gode EU-søknader og eksellente kandidatar og så framifrå søknader til Bergen forskingsstifting, aldri har kontakten med offentleg sektor og næringsliv vore større enn i dag, aldri har kjønnsbalansen ved HF-fakultetet vore betre, aldri har vi hatt så mange forskingsgrupper i sving, for fyrste gong vert det no i vårsemesteret doktordisputas ved Griegakademiet i utøvande musikk og aldri har HF dradd UiB så langt fram i internasjonal rangering. Grunnen til dette er at vi har ein framifrå stab av vitskapleg tilsette og stipendiatar, svært dugande studentar og eit velfungerande administrativt apparat. Og det har skjedd ikkje minst av di vi i desse åra har hatt ei målmedviten fagleg fakultetsleiing som har bygd på ein open styringsmodell med fleksiblitet nok til å gjera dei rette vala i dei utfordrande kontekstane vi har stått oppe i. Denne faglege leiingspraksisen vil vi føra vidare til nytte for dei tilsette og med omsyn til dei tre hovudoppgåvene våre: Forsking, utdanning og formidling. Vi vil takka alle som har gjort dette mogleg. Fagleg fleksibel styring eller fagleg deltaljstyring og kontroll ved HF? Representativ styring Dette er fridom under ansvar. Vi må ha tillit til representantane våre. Demokratiske organ kan sjølvsagt nyttast til stendige omkampar, treneringar og tilbakesendingar. Det kjem vi som regel ikkje svært langt med. Vi må ha reelle forhandlingar i ulike styringsorgan som kan føra til justeringar og omformuleringar, noko som er uttrykk for at demokratiet fungerer og at vi har med reelle demokratiske arenaer å gjera.
Vi meiner at HF må ha ein open og fleksibel styringsmodell som byggjer på langsiktige leiingsprinsipp der det er høve til tilpassing og justering. Praktisering av den opne modellen fører ofte til framdrift, utvikling og fornying.
Dei to–tre siste semestera har vore den mest omfattande endringsperioden i HF ved UiB si historie: Reorganisering, samlokalisering, tilsette instituttleiarar, endra intern styringsstruktur (frå instituttstyre til instituttråd) og sluttføringa av kvalitetsreforma har gått føre seg samstundes. Det ville vera meir enn underleg om vi ikkje skulle ha nokre innkøyringsproblem. At vi har fått eit underskot på 11 millionar i år, som utgjer ca 3% av budsjettet, er dessutan ei ny utfordring. Økonomistyring er ei svært viktig oppgåve, og på kort sikt må vi få balanse mellom inntekter og kostnader, men dette må ikkje få overskygga det langsiktige arbeidet og den positive utviklinga som har vore på ei rekkje felt.
Vi meiner at den faglege leiinga må byggjast på ein open modell. Fagleg leiing skal ikkje vera naturvitskapleg hypotesetesting der ein set opp eit sett av parametrar som skal testast etter ein gitt periode. Smidigheit og fleksibilitet er viktige eigenkapar ved fagleg leiing, av di rammene endrar seg over tid. Difor er det også viktig at forhandlingane i dei styrande organa våre, som t.d. fakultetsstyret, er reelt demokratiske. Forhandlingane må vera opne, frie og uavhengige. Er forhandlingar og avstemmingar avgjorde på førehand, har vi mista noko sentralt ved dei demokratiske styringsorgana våre. Representantane må vera frie og sjølvstendige. Ei stram og kontrollerande styring kan vera lett å ty til, men vil vera realpolitisk uheldig.
Ideelt sett skulle alle tatt del i forhandlingar og prosessar som fører fram til avgjersler. I praksis er dette tungvint, difor har vi eit representativt demokrati der nokre personar representerer og forhandlar på vegner av eit fellesskap. Av denne grunnen må vi også gje dei som har fått denne tillita, handlingsrom og legitimitet. Gjennom høyringsrundar kan ulike grupper få uttrykt interessene sine og gje tilbakemeldingar, og mykje av saksførebuinga til dei demokratiske organa byggjer på representativitet og delegering.