Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Etter ymse innlegg om juss og pengar dei seinare månadene, må ordskiftet førast vidare. På ein overtydande måte hevdar Espen Dragstmo at universitetsleiinga fråskriv seg ansvaret for at den juridiske utdanninga er underfinansiert («På Høyden» 12. mars 2010). Noko svar frå universitetsleiinga kjem ikkje. Det er så ein mistenkjer at den som teier samtykkjer. Det grunnleggjande problemet for Sigmund Grønmo og Kari Tove Elvebakken («På Høyden» 3. februar 2010) er at innlegget deira inneheld ein djup ambivalens. På den eine sida slår dei fast med ettertrykk: «UiB utdanner gode jurister!» På den andre sida heiter det at dei økonomiske problema ved Det juridiske fakultet er så omfattande, at ein ikkje kan løysa dei innafor ordinære budsjettrammer. Tvert om vil forsøk på noko slikt «få alvorlige konsekvenser for de andre fakultetene». Som lesar vert ein sitjande å undra. Korleis det er mogleg å utdanna «gode jurister», samstundes som det vil få «alvorlige konsekvenser» for heile resten av universitetet dersom Det juridiske fakultet skulle få akseptable økonomiske rammer? Det er vanskeleg å sjå at standpunktet til rektor og universitetsdirektør har nokon konsistens. For om juristane er gode, så trengst vel knapt meir pengar til å utdanna dei. Og dersom heile universitetet vert råka på ein alvorleg måte av at det vesle juridiske fakultetet får akseptable økonomiske rammer, så må då studentane i rettsvitskap få eit kritisk svakt tilbod i dag. Innlegget til Grønmo og Elvebakken inneheld endå ein djup ambivalens. Problema ved Det juridiske fakultet «kan ikke dekkes uten at det settes inn ekstra midler,» seier dei. Bodskapen er at det må koma ei slags ekstraordinær løyving ovanfrå, idet dette fakultetet har eit ytterlegare behov for styrking enn kva dei andre fakulteta har. Men bodskapen vert ikkje sett ut i praksis. I budsjettdokumentet til Kunnskapsdepartementet har ikkje universitetet sagt anna enn at det er trong for auka basismidlar. Så kan ein fordela midlane internt slik ein måtte vilja seinare. Heller ikkje her heng standpunktet saman. Dersom eg har tannverk og hol i ei tann, går eg ikkje til tannlegen for å spørja etter fluortablettar for å betra tannhelsa. I staden peikar eg på kva som verkeleg er problemet – behovet for ei særskilt og ekstraordinær åtgjerd – og prøver å handtera det først. Så kan det godt visa seg at eg også treng fluortablettar. Men det er ikkje det første eg spør etter. Til orsakande forsvar prøver rektor og universitetsdirektør å seia at budsjettinnspelet «skal utformes på en nokså generell måte, med vekt på strategisk overordnede forhold». Så difor kunne ein ikkje nemna ein slik spesifikk detalj som at Det juridiske fakultet var underfinansiert. Som forsøk på eit forsvar står dette vanskeleg til truande, særleg av to grunnar: For det første er ikkje budsjettinnspelet reservert «overordnede forhold». I universitetsstyret sine eigne sakspapir heiter det, meir presist, at innspelet skal «synliggjøre langsiktige satsinger og prioriteringer». Og ingen har sagt noko om at slike prioriteringar ikkje treng vera spesifikke. For det andre sviktar det også her med samanheng. I den eine augneblinken har Det juridiske fakultet så store økonomiske problem at det ikkje er mogleg å gjera noko med innafor dei ordinære budsjetta. Og i den neste augneblinken har det å bøta på situasjonen ingen ting med «langsiktige satsinger og prioriteringer» å gjera. Ein må krevja at rektor og universitetsdirektør finn konklusjonar og premissar som heng saman. Dei kan velja seg å meina – slik dei gjer – at det er umogleg å styrkja Det juridiske fakultet innafor det ordinære budsjettet. Men ein slik konklusjon kjem med ein pris. Konklusjonen kan ikkje tyda anna enn at studentane i rettsvitskap i dag får eit kritisk svakt tilbod, at rektor og universitetsdirektør er komfortable med situasjonen, og at dei ikkje vil gjera noko ytterlegare før det eventuelt kjem nokre auka basismidlar. Ein kan seia det beint fram: Studentane i rettsvitskap er inntil vidare mindre verd. Ærlege og samanhengande synspunkt av denne typen kan ein i det minste forholda seg til, som startpunkt for eit eigentleg ordskifte.