Kva skal vi med IT-avdeling? Om sentralisert IT-støtte og IT-forsking

Publisert

Den gongen eg var hovudfagsstudent, dr.grads-student og dei første åra som tilsett ved UiB var det alltid IT-driftspersonell i nærleiken når eg var på jobb. Det var utenkjeleg at folk som dreiv med forsking innan IT-fag ikkje skulle ha hjelp til å sørgje for at forskingsutstyret verka, og at ein fort fikk utstyr som var tilpassa forskingsprosjekta. Så for 10 år sidan valde SV-fakultetet og seinare UiB å sentralisere all IT-støtte til oss informasjonsvitarar med lovnadar om at vi skulle få støtte til forskingsaktivitetane frå IT-avdelinga. I dag må vi betale for nesten alt som smakar av innsats ut over standard drift av pc-ar, og om det vert ønskt noko utanom det vanlege, tar ingen tak i det, inkludert forskingsstøtte.

Status i dag kan illustrerast med følgjande historie. Eg har ein, etter dagens tilhøve, eldgamal PC som arbeidsstasjon på kontoret. Eg driv mykje med programutvikling og ville derfor ha ein kraftig pc med mange kjernar og masse minne sidan det krevjast til eit prosjekt eg held på med no i det året eg har forskingstermin. Eigentleg ikkje så avansert utstyr. Den gamle PC-en er så umoderne at den ikkje er brukande til formålet. Eg bestilte nytt utstyr i august og IT-avdelinga skulle få inn og teste ut ein slik pc for å sjekke at dei kunne drifte den. I dag, 4 månader etter, sit eg framleis med same gamle utstyret, er nøydd å drive programutvikling på ein bærbar pc, som ikkje er særleg kjekt i lengda, og ventar tydelegvis forgjeves på IT-avdelinga si uttesting. Eg og instituttet kan sjølvsagt tinge slikt utstyr sjølv og drifte det sjølv, men då får eg ikkje tilgang til IT-avdelinga sine automatiske oppdateringar av standardprogramvare. Eg må og skifte epost-tenar sidan eg heller ikkje på ein fornuftig måte kan bruke Exchange-tenaren som IT-avdelinga framstilte som det einaste fornuftige alternativet for nokre år sidan. Og det kan vel knapt kallast støtte til IT-forsking når IT-avdelinga ikkje kan og/eller vil gjere noko for IT-forskarar. Mange har tatt konsekvensen av IT-avdelinga sitt tenestenivå og vel i dag å drifte sine eigne datamaskiner, både IT-forskarar og andre. Skal det vere slik?

Eit anna eksempel gjeld alle dei masterstudentane vi har i informasjonsvitskap som har hatt behov for tilgang til ulike typar databasetenarar, vev-tenarar, etc. for å prøve ut løysingar som dei jobbar med i masteroppgåva si. Ville det ikkje vore naturleg at IT-avdelinga stilte opp og hjelpte med å installere slike og sørgja for at studentane fikk eit tilbod ved Universitetet som gjorde at dei kunne gjennomføre masteroppgåva si? I staden har det blitt slik at studentane våre betaler for å få setje opp tenarar hos private aktørar etter å ha møtt vage svar og lite hjelp hos IT-avdelinga. Det er sjølvsagt sikkerheitsproblematikk rundt å setje opp ulike typar vev-tenarar i Universitetets sitt nettverk og la studentane drive desse. Men har det nokon gong kome eit initiativ frå IT-avdelinga om korleis ein skal kunne løyse dette og hjelp til å implementere ei praktisk løysing? Dette ville dugande, lokalt plasserte IT-personell kjent som viktig fordi det var noko dei kjente var viktig for dei som jobba rundt dei, og tatt tak i umiddelbart. IT-avdelinga vik unna.

No er det sikkert nokon i IT-avdelinga som misliker at eg kritiserer folk for ikkje å gjere jobben sin, men det gjer eg ikkje. Dette er ein systemfeil. Dei som jobbar i IT-avdelinga jobbar etter IT-avdelinga sine prioriteringar, og kjenner ikkje til kva folk ute i forskingsmiljøa ønskjer. Tilsette i IT-avdelinga ser forskarane sjeldan, og veit ikkje kva dei driv med, og har lite kjensle med kva forskarane ønskjer seg av støtte. I staden er eg redd at det alltid er  IT-avdelinga sine lokale perspektiv som vert prioritert, både i tildeling og val av arbeidsoppgåver og når det gjeld kursing og vidareutdanning. Folka i IT-avdelinga kan ting, gjer ting, og er arbeidsvillige, men veit ikkje kva som skal til hos forskingsmiljøa. Og for å vere heilt ærleg, det er ikkje mykje som skal til.

 

Powered by Labrador CMS