Torbjørn Røe Isaksen snakker med student Senter for geobiologi.

Kvalitet som rettesnor

Publisert

Nyleg godkjende ein sakkunnig komité oppnemnd av Norsk organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) Universitetet i Bergen sitt kvalitetssystem for utdanningane.

Som institusjon arbeider UiB for å vere i utdanningsfronten like mykje som vi skal vere i forskingsfronten. Derfor likte vi godt tittelen på Torbjørn Røe Isaksen sin tale på Kunnskapsministerens kontaktkonferanse for utdanningsinstitusjonane i Noreg den 14. januar i år: «Kvalitet først og fremst». Ministeren la fram ei liste på sju punkt, som vil vere utgangspunktet for regjeringa si vidare satsing på forsking og utdanning, og dermed rammene for universiteta og høgskulane dei kommande åra. Vi likte også godt signala  kunnskapsministeren gav då han besøkte UiB sist fredag. I staden for å spørje kva vi kan gjere for kunnskapsdepartementet, spurte han kva dei kan gjere for oss. Svaret vårt var klart. Vi ønskjer mindre sentral styring og vil gjerne bli invitert med på råd. Nedanfor eksemplifiserer eg kvifor eg tenkjer begge deler er viktig.

Vi likte godt signala  kunnskapsministeren gav då han besøkte UiB sist fredag.

Kunnskapsministeren har signalisert at regjeringa vil sjå på struktur i høgre utdanning. Det er sett ein midlertidig stopp for å opprette nye universitet. Eg tenkjer dette kan vere eit fornuftig kvalitetsgrep om målet er å tydeleggjere og kanskje også skjerpe kvalitetskriteria for oppretting av nye universitet. Det har også vore antyda at det kan vere aktuelt å redusere talet på utdanningsinstitusjonar, men nødvendigvis ikkje talet på studiestader. Om det siste inneber at ein administrativt legg ein høgskule inn under ein annan eller eit universitet ved å fjerne leiinga, men der planen er å oppretthalde aktiviteten der høgskulen låg, er eg ikkje så sikker på at det fremjar kvalitet. Eg er meir sikker på at det aukar behovet for å administrere. Skal ein fremje kvalitet, må ein byggje gode og sterke miljø av aktørar som ønskjer å samarbeide. Fagleg meirverdi av fusjonar trur eg derfor best blir fremja av at fagmiljø vert samlokaliserte. Er sektoren klar og motivert for det? Utvikling av god fagleg kvalitet krev vidare god og fagnær leiing. Då bør leiinga vere fysisk til stades for å fange behov for utvikling og vere pådrivar i utviklingsarbeidet. Men først og fremst må fagmiljøa sjølve ville ein fusjon. Den kan ikkje utelukkande vere sentralt styrt utan at fagmiljøa det gjeld, vert tatt med på råd.

Først og fremst må fagmiljøa sjølve ville ein fusjon.

Regjeringa har òg signalisert eit ønske om å gripe aktivt inn i utdanningstilbodet på alle institusjonar, for å spesialisere institusjonane og unngå «overetablering» av studietilbod innan populære fag. Det har gjennom tildelingsbreva til universitets- og høgskulesektoren vore gitt signal om at ein ikkje ønskjer utdanningar med færre enn 20 studentar. Igjen er det viktig å ha eit tydeleg mål for slik sentral styring. Ved universiteta  reflekterer studietilboda forskingsdisiplinane. Nye studietilbod vert gjerne utvikla i tråd med satsingar på nye forskingsfelt, eller som tverrfaglege satsingar for å svare på utfordringar i samfunns- og arbeidsliv. Døme frå UiB på det første er opprettinga av studietilbodet i kinesisk, og på det andre, etableringa av masterprogrammet i fornybar energi. Vi ser på stor fagleg breidde, sterke fagdisiplinar og samarbeid på tvers av desse, som føresetnader for å kunne tilby utdanningar av høg kvalitet. Talet på studentar på eit studium er ikkje nødvendigvis verken uttrykk for eit lite fagmiljø, ei heller lav kvalitet i fagmiljøet.

I regjeringa sitt arbeid med å fremje kvalitet vil eg åtvare mot å telje seg fram til det, til dømes ved å setje eit tak for talet på utdanningsinstitusjonar i Noreg eller eit minstetal på studieplassar. I staden må dei sjå på parameter som konkret uttrykker kvalitet og som kan vidareutvikle kvalitet. Her har vi som utdanningsinstitusjon mange råd og innspel å gi.

I regjeringa sitt arbeid med å fremje kvalitet vil eg åtvare mot å telje seg fram til det.

Forskingsmiljø på høgt nivå er ein viktig, men ikkje tilstrekkeleg føresetnad for å utvikle universitetsutdanningar med særleg høg kvalitet. Vi må óg ha merksemd på den læringa som skjer i studieprogramma. Skal vi sikre at studentane får det læringsutbytet som er forventa i studia, må vi som utdanningsinstitusjon bruke læringsforskinga til å velje undervisningsmetodar og måtar å vurdere studentane sine prestasjonar på som fremjar studentane si læring. Dette arbeider vi no med ved UiB. Først då kan vi komme i utdanningsfronten. Teknologien gir oss her mange nye virkemiddel. Som utdanningsinstitusjon skal vi ikkje berre sikre at teknologien er tilgjengeleg, men óg at vi bruker han godt og på ein måte som gir betra læring.

Heile vegen skal vi ha kvalitet som rettesnor. Her er vi heilt på linje med kunnskapsministeren. UiB tør å bli kikka i korta og få kvaliteten vår vurdert, men vi ønskjer også å vere med å definere kva som er god kvalitet. Vil kunnskapsministeren ta oss med på råd?

Powered by Labrador CMS