Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Eg viser til Liisberg sitt svar til meg i På Høyden 18.03. Det går fram av hans siste innlegg at det først og fremst er vern av forskingsdelen i faste stillingar han er oppteken av. Det er inga usemje mellom oss om at forskarane skal ha lik tid til forsking og undervising. Det jurdiske fakultet har lagt dette til grunn for den ordninga vi har og det rektoralternativet eg er med på, står også fast på dette for framtida. Eg vil hevda at Det juridiske fakultet har lukkast bra i å oppretthalda forskingstida, trass i det sterke presset på undervisingsressursane. Vi har brukt arbeidstidsrekneskapen til å unngå at undervisinga grip inn i forskingstida. Dei omrekningsnøklar og reglar for godskriving av arbeidsoppgåver som vi har ved fakultetet er i alle høve ikkje er dårlegare enn det ein har ved andre fakultet. Vårt system for dette er framheva som løysingsmodell i universitetsleiinga sitt arbeid med meir tid til forsking. Det er rett at fakultetet har gjennomført ei ambisiøs, og etter mange sitt syn, vellukka studiereform, som krev ressursar å gjennomføra. Vi har for lite ressursar til å kunne gjennomføra den etter intensjonane fullt ut, men vår målsetjing har heile tida vore å skaffa desse ressursane. Om lag 15 millionar av vårt årlege budsjett på knapt 90 mill er eit resultat av kvalitetsreforma. Den budsjettauken vi har fått for 2009 har også sin bakgrunn i ressursbehovet til undervising. Ved implementeringa av kvalitetsreforma vart det gjeve ekstra tid til førebuing av undervising for å godskriva arbeidet med overgang til nye undervisningsopplegg og undervisningsformer. Dette har blitt redusert forsiktig etter at den nye ordninga var ferdig gjennomført, og ein har fått meir røynsle med dei nye undervisningsformene. Fakultetet har også oppretthalde ordninga med forskingstermin. Mitt inntrykk er at folk opplever undervisningstrykket som mindre nå enn like etter innføringa av kvalitetsreforma. Dette vert stadfesta av Jørn Ø. Sunde i hans innlegg i På Høyden 17.03.09, og av andre tilbakemeldingar eg har fått dei siste dagane. Det er ikkje gjennomført undersøkjingar på dette på JUS, men NIFU-Step undersøkjinga som nyleg er gjennomført på Matematisk Naturvitskapleg fakultet, viser at dei tilsette opplever situasjonen som mindre belastande nå enn i 2005. Dette stemmer med mitt inntrykk av situasjonen også på JUS. Eg fastheldt også at forskingsinnsatsen må styrkast ved å skaffa eksterne midlar som kan gje rom for sterkare forskingsinnsats enn det som fylgjer av ei gjennomsnittleg forskingstid på 45 %. Også Det jurdiske fakultet må fylgja med i den omlegginga av forskingsfinansieringa som skjer og konkurrera om nasjonale forskingsmidlar og EU-midlar på grunnlag av kvalitetsvurderingar. Fakultetsleiinga har ikkje berre ansvar for tilrettelegging av grunnleggjande forskingstid for den einskilde, men også for utvikling av gode og helst framragande forskingsmiljø, gjennom særskilte satsingar. Dette har det vore lagt vekt på gjennom heile mi dekantid og det vil bli ei hovudsatsing også for det rektorteamet eg tilhøyrer.
Det er også ein viss indikasjon på at forskingstilhøva har betra seg at publiseringspoenga produsert ved Det juridiske fakultetet har gått opp frå 46,2 i 2004 til 73,3 i 2008, sjølv om noko av dette kjem av auke i talet på tilsette i denne perioden.
Når Jørn Ø. Sunde gjev uttrykk for at han opplever ein annan kvardag enn den Liisberg skildrar, sjølv om han er underlagt det same arbeidstidsregimet, avviser Liisberg dette med at han ikkje kjenner seg igjen. Det kan henda at ein av dei tek feil, men er det sikkert at det er Sunde? Meiningsskilnaden viser vel at det ikkje er så enkelt å teikna eit eintydig og objektivt bilete av sitausjonen. Eg er klar over at mange av dei tilsette i periodar har eit hardt arbeidspress og at det ikkje er alle som har same nytte av moduliseringa og at situasjonen kan opplevast ulikt. Det er krevjande å vera universitetetslærar og det vert stilt krav både til arbeidsinnsats og evne til å utføra oppgåvene effektivt. Dei tilsette har eit ansvar for å organisera si tid og sine oppgåver slik at det blir tid til forsking og nokon har sikkert lettare for dette enn andre. Fakultetet har ansvar for å leggja rammevilkåra til rette for dette, men også for at utdanningsverksemda blir driven forsvarleg. Fakultetsleiinga har spørsmålet om betre organisering av utdanningsverksemda, for å gje meir samla tid til forsking på dagsorden, og vi tek gjerne mot framlegg til nye tiltak i denne retninga.