Likestillingstiltak?

Publisert

22. oktober arrangerer likestillingsrådgivaren ved UiB i samarbeid med formidlingsavdelinga medietrening for kvinnelege stipendiatar.

Formidlingskurs og medietrening er eit framifrå tiltak for å gjere forskinga og kunnskapen som blir produsert på UiB tilgjengeleg for ei breiare flate. Men, eg klør meg i hovudet når eit medietreningskurs blir spesifikt tilbydd den eine halvparten av stipendiatane UiB, kategorisert ut frå kjønn. Er ikkje dette marginalisering av ei sterk gruppe – kvinnelege stipendiatar, samstundes som det er ekskludering av mannlege stipendiatar? Merkeleg strategi – mest truleg er det her tatt i bruk eit gamalt verkemiddel som ikkje heilt høver med korleis situasjonen er i dag.

Argumentet til likestillingsrådgivaren er at brorparten av dei som uttaler seg i media er menn. Det er ikkje vanskeleg å omfamne dette argumentet, og kven er vel ikkje lei av å sjå dei same mannlege aldrande rikssynsarane breie seg i likaste sendetid med tunge panner og store ord.  

Dette vil UiB til livs, skriv likestillingsrådgivaren i invitasjonen, og det er jo eit edelt og godt mål. Men, er ikkje dette å skyte på feil skive? Kjønnsbalansen i dei store mediene er absolutt klanderverdige, og tunge institusjonar som NRK og TV2 burde fått smekk på pung for å resirkulere mannlege meiningsberarar med adresse ein snau halvtime frå Majorstua. Men – i eit medietreningskurs for stipendiatar blir jo dette konteksten, og ikkje sjølve teksten – som jo er formidling av eigen forsking gjort ved UiB. Eller hur?

Statistikk seier ikkje alltid mykje, men kan gi visse openbaringar. Eit kjapt blikk på kjønnsbalansen blant kronikkforfattarar som har publisert i På Høyden hittil i 2009 illustrerer at det er eit tydeleg generasjonsskifte, og at tiltaket til likestillingsrådgivaren ikkje heilt treff mål. Av 79 bidragsytarar er 17 signert kvinnelege professoral krefter (frå post-doc og oppover), medan heile 52 er signert menn. For stipendiatar er biletet omvendt, her kan vi telle 10 innlegg med 6 kvinnelege forfattarar mot 4 mannlege. I 2008 var forholdet 5 kvinnelege stipendiatsignaturar versus 6 mannlege. Dette gjenspeglar generasjons- og kjønnsbalansen, der det i dag er eit tilnærma likt forhold, med litt fleire kvinnelege stipendiatar enn mannlege, medan det i generasjonen over – enn så lenge – er ein overvekt av menn. Denne kjappe oversikten syner, om ikkje anna, at kvinnelege stipendiatar ikkje står attende for sine mannlege kollegaer når det gjeld formidling gjennom På Høyden, snarare tvert om.

Eg er ikkje så ivrig tilhengar av slike inndelingar, ettersom fokuset blir retta mot kjønnsinndeling heller enn innhald. For det er jo det som verkeleg er det vesentlege, nemleg å formidle all den gode forskinga, uavhengig av kjønn.

I kursplanen til forskarutdanninga ved UiB skal alle stipendiatar få godkjent tre obligatoriske poeng, kategorisert som forskingsformidling. Kanskje kunne eit slikt kurs – som jo nettopp skal fremme formidling av god forsking – bli tilbydd alle stipendiatane, uavhengig av kjønn eller andre merkelappar? Det ville vore god likestilling.

Powered by Labrador CMS