Meir om IT-avdelingas ansvar

Publisert

Eg takkar for IT-direktørens svar om kva UiB ser som IT-avdelinga sitt ansvar og kvar grensene går for støtte til faget mitt og andre fag. For meg som informasjonsvitar er denne utviklinga litt trist etter at vår IT-støtte vart flytta frå instituttet til IT-avdelinga med lovnad om at IT-avdelinga skulle kunne gje oss såkalla fagnær støtte i form av ei halv stilling. Denne ordninga fungerer ikkje særleg godt.

IT-direktøren brukar ein slags rettferdstanke som argument for desse avgrensingane. Det er jo litt rart at det vert så viktig med rettvis fordeling, når ulik fordeling av ressursar er bygd inn i UiB sitt finansieringssystem. På Kjemisk institutt får dei meir per student enn hos andre fag på Universitetet fordi kjemikarar har fagnære behov som labar og utstyr, og slik skal det vere. SV-fakultetet omfordelar sine ressursar slik at vårt institutt får noko meir fagnær støtte enn andre på fakultetet, men i UiB sin finansieringsmodell er informasjonsvitarstudenten like verdifull som ein sosialantropologistudent, sjølv om behovet for labar og utstyr er mykje større.

Forsking og forskarutdanning på master og doktorgrad er ei av hovudoppgåvene til Universitetet. Forskarar i alle fag utfordrar informasjonsteknologien med avansert bruk av maskinvare og programvare, og treng ofte hjelp til å løyse problem som oppstår i denne utforskinga av dei muligheitene teknologien gjev. Og vi har no ei IT-avdeling som ikkje kan eller vil støtte desse aktivitetane. Dei skal berre drive med støtte innanfor standardiserte teknologiar og løysingar. Det er i den samanhengen eg gjerne vil gjenta spørsmålet om kva vi skal med IT-avdeling. I dag er det eksterne leverandørar som driftar IT-system og gjev brukarstøtte for store verksemder som DNB og Statoil. Kvifor skal vi her ved UiB holde oss med ei IT-avdeling som gjer akkurat det. Slik IT-drift kan gjerne kjøpast inn frå store verksemder som driv slikt på ein svært effektiv måte.

Resultatet av manglande muligheiter til støtte for avansert bruk av IT er per i dag at mange forskarar over heile UiB vel å kjøpe inn utstyr og drifte det sjølv, og mange kjøper og inn tenester frå kommersielle aktørar for å få ting til å gå. Eg reknar med at IT-direktøren er klar over dette og det at mange tek i bruk tenester som Gmail og Dropbox som erstatning for UiB sine tenester. Er det noko IT-direktøren syns er bra? Personleg trur eg det inneber risikoar som vi helst ikkje vil vere utsette for.

Eg meiner faktisk at IT-avdelinga må, for å grunngje sin eigen eksistens, faktisk hjelpe institutta med fagnære ting. Finn ein organisasjonsmodell som gjer dette mogleg! Ver avanserte og førebudde! UiB er ikkje eit kva som helst forvaltningsorgan der folk skriv Word-dokument og svarer på epostar. Vi driv forsking. Vi treng IT-støtte til forsking. Om ikkje IT-avdelinga skal gje slik støtte, bør vi like gjerne vurdere å be om eksterne tilbod på den generelle IT-drifta ved UiB, så kan vi bruke eit eventuelt overskot til å bygge opp fagnær IT-støtte på nytt.

Til slutt, berre for å gjere det klart: Eg er nøgd med både epost-tenestene og IT-støtte frå IT-avdelinga når det gjeld den daglege drifta. Responstida er ok (men litt varierande), og eg får alltid god hjelp.

 

Powered by Labrador CMS