Nettverk eller demokrati?

Publisert

Ei tolking av dei viktige observasjonane som universitetsforskarane Tor Halvorsen og Ivar Bleiklie formidlar i intervjua i På Høyden 7. oktober, ”Universitet i skvis”, er følgjande:

Di meir forskinga blir finansiert via randsona og eksterne kjelder i staden for over basisløyvinga frå Stortinget, di viktigare er det å ha gode nettverk for å få del i desse forskingsmidla. Og di viktigare nettverka blir, di mindre viktig blir dei demokratisk forankra fordelingsmekanismane både internt og i samfunnet elles.

Også kva for forskingsverksemd som skal få status som Senter Framragande Forsking (SFF) og dermed meir pengar frå Forskingsrådet eller EU, blir i det vesentlege avgjort gjennom nettverk og dermed av dei interesser som blir kanaliserte gjennom desse – ikkje ut frå vitskaplege kriterium, som er uavhengige av ei eller anna politisk eller økonomisk interesse ”der ute” ein stad. Alle edruelege vitskapsfolk veit det. (Sjå Tor Halvorsen: Evalueringsdiktatur eller kunnskapsdemokrati?  i tidsskriftet Vardøger nr. 32 - 10)

Konkurransen om å bli eit SFF skjer gjennom ulike byråkratiske apparat og lobbyverksemd. I den grad førestellingane om kva ein forskingselite er – eller endå verre: eit eliteuniversitet - blir styrt av denne forma for konkurranse, di meir blir førestellinga om ”framragande forsking” ei byråkratisk, ikkje-vitskapleg generert førestelling. Deretter lever førestellinga sitt eige liv i den offentlege debatten kring vitskapane og dei akademiske institusjonane utan forankring i nokon truverdig vitskapsteori. I praksis inneber dette at ”ekte” fagleg-vitskapleg, akademisk autoritet,  som veks fram av sjølve den vitskaplege praksisen (forsking, undervising, formidling), misser innverknad på fordelinga av ressursane til denne praksisen, medan den form for kvasiakademisk autoritet som ligg i dei byråkratisk-økonomiske netteverka med tilhøyrande ideologi og legitimering, aukar si makt.

Dermed er vi framme ved byråkratiseringa av universiteta. Internt skuldast byråkratiseringa i stor grad omlegginga av universitetsbudsjettet frå eit øyremerkt budsjett via departement og Storting, til eit rammebudsjett der universitetet står friare til å disponere løyvingane – ikkje minst når det gjeld stillingsbudsjettet. Dette skjedde frå 1990.

Veksten i randsona og den meir marknadsorienterte forskinga og tenesteytinga som inneber at universitetet må tevle i ”marknaden” (les: forskingsbyråkratia utafor universitetet) om pengar, er ei ”ekstern” årsak. Dette avlar byråkrati både i form av fleire byråkratar særleg i det sentrale universitetsbyråkratiet og i Forskingsrådet, og ved å byråkratisere vitskapsfolka sin kvardag (jf den uendelege skrivinga av søknadar, rapportar, prosjektstyring).

På tampen av mi tid som byråkrat ved UiB (kontorsjef/seniorrådgjevar ved Eigedomsavdelinga) gjorde eg i 2006 ei undersøking av forholda mellom arealutvikling, forsking/undervisning, vekst i administrasjon og studenttal. Eg fann mellom anna følgjande:

I perioden 1988 – 2003 auka arealet (eks. boligar) ved UiB med 55 %,  årsverka i det sentrale byråkratiet (sentraladm.+ fakultetsadm., ikkje stillingar innfor it og eigedomsdrift/-forvalting) med 187 %, vitskaplege årsverk (alle kategoriar) med 111 %, årsverk totalt med 71 %. Stillingar innafor klinikk, laboratorium, teknisk drift og administrasjon på grunnplanet hadde berre svak auke. Studenttalet auka med 96 %. Særleg skaut auken i dei sentrale administrative stillingane spontant fart då meir ”budsjettmessig autonomi” (rammebudsjettering) vart innført.

Dette var (og er) heilt i samsvar med tendensane ved dei andre universiteta – også internasjonalt - og skuldast i følgje Norsk institutt for studier av forsking og utdanning (NIFU) vesentleg orienteringa mot ”marknaden”: Alt i 1996 kunne NIFU konkludere med at ”eksternt finansiert virksomhet (er) en type aktivitet med høy administrativ pris” (Rapport 3/96). Parallelt med dette skjer det ei omorganisering med stadig større vekt på ”leiing” (jf New Public Management) ved universiteta. Kvar ny leiarstilling har sin eigen portefølje av nye, underordna byråkratar. Konklusjon: Di meir ”marknad”, di meir byråkrati – også ved universiteta.

Ironisk nok blir overgangen til meir budsjettmessig autonomi i form av rammebudsjettering og ekstern finansiering utlagd som meir ”akademisk fridom” – ei pervertering av så vel begrepet om fridom som om akademia. Denne liberalistiske fordommen, som har slått igjennom med New Public Management, smittar over på diskusjonen innafor akademia sjølv, som dokumentert i Vardøger nr. 32.

Ei treng ikkje  vere samfunnsvitar for å forstå at desse prosessane samla har ført til ei maktforskuving til byråkratia og dei uformelle nettverka sin fordel. Det svekkjer den reelle akademiske fridomen som er nødvendig for at vitskapane skal utvikle seg og verke som demokratiserande moment i samfunnsutviklinga.

 

Powered by Labrador CMS