Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Som Kvalheim og Sletten (heretter K&S) skriv På Høyden 7/5, er Bjerknessenteret det leiande norske senteret innanfor naturvitskapeleg klimaforsking og -modellering. Senteret publiserer om lag hundre artiklar i internasjonale fagtidsskrift årleg. Fleire av desse artiklane kjem ut i dei mest prestisjetunge tidsskrifta som Nature, Science og Nature Geoscience. I tillegg har senteret stort fokus på formidling til folk og organisasjonar utanfor fagfeltet. Det siste vert gjort gjennom talrike foredrag, lesarbrev, kronikkar og intervju i media. Senteret brukar med andre ord mykje resursar på å nå ut til både allmugen og spesielt interesserte, inkludert kollegaer ved UiB. Som i all forsking er det også mange uløyste oppgåver i klimaforskinga. Og som for dei fleste ved UiB synest vi det er langt meir viktig og nyttig å bruka tid på forsking og formidling, og gjennom det å auka kunnskapsnivået både hos forskarane og hos allmugen, enn å svara på gjentekne spørsmål frå lite læringsvillige kollegaer. Det må her understrekast at vi gav konkret og raskt tilsvar (12/4) på K&S sitt opphavlege innlegg i På Høyden (8/4). K&S var ikkje nøgd med vårt svar, og endra difor sine spørsmål. Vi valde fyrst å oversjå dette siste innlegget frå K&S i nær visse om at eit kvart svar inspirerer K&S til ytterlegare innlegg. Når vi no likevel svarer, er det med håp om at dette kan sette sluttstrek for denne brevvekslinga. Så til dei nye spørsmåla frå K&S: Ein dobling av CO2 i forhold til førindustrielt nivå kan ventast å gje ei global, årsmidla oppvarming på omlag 3 grader. Oppvarminga varierer noko frå modell til modell, avhengig av blant anna korleis prosessane som ikkje er oppløyst i modellane vert omhandla (parameterisert), og om dei har kopla karbonkretslaup mellom hav, land og atmosfære eller ikkje. FN sin klimarapport seier at det er sannsynleg at oppvarminga for ei dobling av CO2 er mellom 2 og 4.5 grader, og at det er lite sannsynleg at oppvarminga er mindre enn 1.5 grader. Vi kjenner ikkje til nye resultat som motviser dette. Ut frå observasjonar i naturen er det ikkje mogeleg å talfesta kor stor del av denne oppvarminga som skuldast direkte oppvarming grunna CO2, og kor stor del som er indirekte oppvarming gjennom ulike tilbakekoplingsprosessar. Dette grunna ikkje-lineære samanhengar mellom dei ulike komponentane. Men det er gjort eksperiment med klimamodellar der ein varierer CO2 medan ein held innhaldet av vassdamp i atmosfæren, mengda av skyer, mengda av is, og andre relevante tilbakekoplingsprosessar konstante. Her finn ein at CO2 står for noko under helvta av oppvarminga. Den andre delen kjem hovudsakeleg av at varmare luft inneheld meir vassdamp, som verkar forsterkande på oppvarminga. Den siste generasjon jordsystemmodellar med kopla karbonkretslaup får også auka oppvarming fordi opptaket av karbon på land og i havet vert svekka når klimaet vert varmare. Det siste spørsmålet går på kva parameteriseringar og kva observasjonstidsseriar som vert nytta for å estimera dei direkte og dei indirekte effektane over. Som K&S heilt sikkert kjenner til, er denne lista lang og det vil krevje langt meir spalteplass enn kva det er rom for her. Vi kan berre nok ein gong vise til lærebøker, til dømes ”Parameterization Schemes” av David J. Stensrud, rapportane til FN sitt klimapanel og siterte artiklar i desse. Klimamodellane nytter numeriske metodar til å rekna ut korleis dei grunnleggjande naturlovene (som tildømes samanhengen mellom kraft og akselerasjon, og konserveringslovene for, til dømes, varme, vassdamp, sjøsalt og termodynamikk) fører til at eigenskapane til luft, vatn, is, jordsmonn og biomasse endrar seg geografisk og over tid. Vi kjenner godt til at det er mange forenklingar i modellane (mykje grunna avgrensa regnekraft), at mange prosessar ikkje er fullt ut forstått og at modellane ikkje er perfekte. Men modellane simulerer mange sider av klimaet på ein god måte, både regionalt og globalt, gjennom dei siste hundre åra. Og modellane er vår beste reiskap til å vurdere korleis klimaet vil utvikle seg framover i tid. Både rapportane til FN sitt klimapanel og faglitteraturen dei viser til, og lærebøker som ”Global Physical Climatology” av Dennis L. Hartmann, gjev gode svar på det K&S lurar på. Den siste boka nyttar vi forresten i eit utmerka kurs om det globale klimasystemet ved Geofysisk institutt. I dette kurset er det også plass til to godt vaksne studentar.