Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Lektorane har ikkje nådd si løn gjennom ordinære tarifforhandlingar. Av den grunn å hissa seg opp over resultatet av årets lønsoppgjer så langt vitnar berre om at nokre er tregare i oppfattinga enn andre.
Fundamental kunnskapsløyse
Meir alvorleg er at oppropet om å røysta nei vitnar om fundamental kunnskapsløyse om lønsoppgjer i offentleg sektor. Utdanningsgruppene får aldri noko i sentrale oppgjer. Ålmenne tillegg vert smurde tynt utover fordi dei med lågast løn og best tilhøve til Ap må få sitt. Utdanningsgruppene har, i den mon dei har fått noko, fått det i dei sentrale justeringsforhandlingane. Dette fordi det er i justeringsforhandlingane at grupper i eigenskap av grupper får tillegg. Nokre (kvinnedominerte) grupper, t.d. bibliotekarane, har gjort det svært godt der.
Men hadde ikkje amanuensane fått utteljing der ville lønsgapet i høve til lektorane vore endå større enn det er. Justeringsforhandlingane er faktisk viktigare for dei vitskaplege mellomstillingane enn det sentrale oppgjeret. Så viktige at Forskerforbundet av den grunn valde å gå ut av Akademikerne og inn i Unio. (Akademikerne er, som kjent, tilhengjarar av reint individuell, lokal lønsfastsetjing. At dei har godteke oppgjeret tyder på at ramma er stor nok – slik at dei kan få sitt lokalt).
- Dumt forslag
Å seia nei til oppgjeret er å setja seg sjølv på gangen i justeringsforhandlingane. Eit forslag så dumt at det berre kan koma frå folk med eit meir enn akademisk tilhøve til organisasjon og administrasjon.
PS. Elles vil eg oppmoda aksjonistane til å lesa protokollen frå fjorårets tariffoppgjer. Den er interessant lesing for førsteamanuensar.