Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Eg takkar direktør og rektor for svaret som var lite opplysande. Det er lite tillitsvekkande at universitetsleiinga gjev seg i kast eit slikt stort prosjekt utan at dei er i stand til å gjere greie for dei administrative og økonomiske konsekvensane av tiltaket. Innrømminga av at ”redegjørelsen for modellens økonomiske og administrative konsekvenser kunne vært bedre” er i beste fall eit understatement. Det virkar som om dei lovar og håpar utan å basere seg på noko solid grunnlag for sine utsegner. Ein kan få inntrykk av at det er rein ønsketenking som ligg bak påstanden om at det nye tiltaket ikkje vil kreve spesielle nye tiltak av administrativ art. Og til utsegna om at ein ikkje vil bruke meir ressursar til den nye modellen enn det som tidlegare vart brukt i samband med internhusleige, må eg berre spørje: Kva er grunnlaget for denne vurderinga og kor store ressursar er tidlegare brukt på dette? Det er nesten ikkje til å tru at universitetsleiinga etter ein så omfattande og årelang prosess med utgreiingar, drøftingar, omfattande høyringsprosessar, prosjektgrupper og høyringsutvalg ikkje er i stand til å kome med noko meir konkret om kor mykje dette eventyret har kosta av tid og ressursar så langt, kor mykje den nye og meir omfattande modellen vil koste å planlegge, utvikle, drive, kontrollere og administrere, og kor mykje utgifter det er blitt og vil bli brukt på eksterne konsulentar og ekspertar, på opplæring, skolering og kursing. Min mistanke er at vinninga kjem til å gå opp i spinninga her, i beste fall. Kanskje det ville vere ein tanke å bruke litt mindre av universitetets administrative ressursar på slike interne øvelsar og heller la dei kome forskninga og forskarane meir direkte til nytte i deira daglege arbeid. Eg må berre konstatere at universitetsleiinga ikkje har svart på spørsmålet mitt: Kor mykje kostar det?