Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I eit lesarinnlegg i På Høyden 16.03 og i BT 17.03 tek min kollega Bent Liisberg opp forskinga sine kår etter kvalitetsreforma innan høgare utdanning. Liisberg både argumenterar for at prorektorkandidat Ernst Nordtveit, som dekan for Det juridiske fakultet, har vist totalt manglande vilje til å adressera dei problem for forskinga som har følgd i kjølvatnet av reforma, og kjem med ei utfordring til begge rektorkandidatane om kva dei vil gjera for at forskinga skal koma ut av si tidsklemme. Liisberg og eg sit vi i kvar vår etasje på Det juridiske fakultet, og lever tydeleg våre forskarliv i heilt ulike univers. For sjølv om eg kan dela hans vilje til å utfordra rektorlaga på sentrale forskingspolitiske spørsmål, er vi verken samde i kva som er situasjonen på Det juridiske fakultet, eller i kva som er dei mest presserande spørsmåla å stilla. Liisberg er frustrert over at tid og høve til forsking har kome under press på Det juridiske fakultet som ei følgje av kvalitetsreforma. Eg vil hevda at det motsette er tilfellet. For det fyrste fordi ein ved Det juridiske fakultet har valt å køyra konsentrerte kurs som gjer at forskarane får samla undervisninga si i klart avgrensa tidsperiodar. Dette gjer at ein samstundes får klart avgrensa forskingsperiodar, noko mogleggjer uforstyrra og samanhengjande forsking. Vidare har ein ved Det juridiske fakultet valt ei svært pragmatisk haldning til undervisningsrekneskapen, noko som gjer at ein kan konsentrera seg om forsking i enno lengre periodar så lenge ein tek igjen forsømt undervisningsplikt på eit seinare tidspunkt. For det tredje har ein ved Det juridiske fakultet, under Ernst Nordtveit si leiing, òg valt å tenkja langsiktig når det gjeld tellekantsystemet og måling av forskingsresultat. Det vil seia at ein tek høgde for at publiseringsaktiviteten vil variera med kva type forsking ein til ei kvar tid held på med, slik at ingen forskar må avbryta sine langsiktige prosjekt for å få ut ein artikkel og to for statistikken sin del. Sett frå min synsstad på Det juridiske fakultet er altså ikkje forskingstid under press det mest presserande spørsmålet å stilla dei to rektorlaga. Eg vil heller utfordra dei på følgjande tema: Dersom universitetet i Bergen skal kunna måla seg med dei beste i verda, så må forskingsresultata vera deretter. Gode forskingsresultat er, noko enkelt sagt, avhengige av to sett med faktorar: Forskarar sine personlegdom og intellektuelle kapasitet, og dei forskarfellesskap og den forskingsadministrasjon som finst på kvart enkelt institutt, fakultet, universitet, og på tvers av utdanningsinstitusjonar. For på same viset som det sjeldan er den einskilde idrettsutøvar som åleine karrar til seg ein verdsmeistertittel, kan den einskilde forskar bare i unnatakstilfellet makta å verta leiande i verda innan sitt fagfelt. Forskarar, som idrettsutøvarar, er avhengig av treningspartnarar og eit solid og godt kvalifisert støtteapparat. Korleis vil dei to rektorlaga utvikla fagfellesskapar og forskingsadministrasjon ved UiB? Dyrkar ein bare poteter på ein jordlapp vert avlinga mindre og mindre år for år sjølv om ein gjødslar godt. Vekselbruk er måten å oppnå store, årlege avlingar på. Slik er det òg for forskarar – dei har godt av å sitja åleine på sitt kontor med sitt eige vesle prosjekt i ein periode, dei har godt av å arbeida saman på større prosjekt med andre forskarar i ein periode, dei har godt av å veksla mellom forsking og undervisning ei tid, medan dei andre tider har godt av å kunne konsentrera seg om forsking eller undervisning åleine. Eit slikt vekselbruk kan ein best oppnå gjennom å utvikla Unifob-systemet og eigne forskingssenter, og gjennom tett samarbeid med andre forskingsinstitusjonar i inn- og utland, slik at ein sirkulasjon av forskarar, og dermed intellektuelt vekselbruk, vert mogeleg. Kva tankar har dei to rektorlaga om dette? God forsking skjer i skjeringspunktet mellom samarbeid og einsamgang, mellom nitidige, til tider rutinemessige, arbeidsoppgåver og hemningslaus kreativitet. Ein må difor rekruttera ulike persontypar til forsking. I den samanhengen har det vorte diskutera korleis ein kan sikra rekruttering av kvinner, innvandrarar, homofile, etc. Men eg saknar ein debatt om korleis ein skal rekruttera røvarane mellom studentane – kva kjønn, etnisk bakgrunn eller seksuell legning dei enn måtte ha. Med røvarar meiner eg dei studentane som følgjer sine eigne interesser og sine eigne studieopplegg fordi dei er genuint opptatt av å oppdaga. Desse studentane har dårlegare kår etter kvalitetsreforma, fordi studieoppelegga er langt meir rigide og stringente enn før. Dette er bra for alle studentar på alle karakternivå, med unnatak av dei heilt få røvarane som har eit vitskapleg potensiale gjennom å ha mykje kreativitet å ta med inn i forskinga, men som fort vert eit problem fordi dei vil følgja sine eigne vegar gjennom studiet. Kva vil dei to rektorlaga gjera for at ein betre skal hjelpa fram røvarane mellom studentane, og slik sikra rekruttering av ein forskartype som ein òg treng? Til sist vil eg utfordra dei to rektorlaga på kva dei faktisk meiner med at forsking skal ha ei samfunnstilknyting. For dette er for det meste ein floskel utan innhald, men som lett manar fram eit bilete av eit universitet som lagar formlar som kan omdannast til produkt av næringslivet. Men dette vert alt for enkelt. Lat oss nytta finanskrisa som døme. Det manglar i dag ikkje på formlar, formulert på universitet eller andre stadar, som kan omdannast til produkt. Problemet er at dei finansielle strukturane har delvis brote saman, og dermed manglar ein finansielt grunnlag for produksjon og omsetjing. Dette samanbrotet skuldast delvis mangel på juridiske strukturar, og finanskrisa viser oss dermed at samfunnet treng meir juridisk forsking. Delvis skuldast det ein total mangel på historisk medvit, sidan ein no til dels lærer på ein lekse ein har lært før, og finanskrisa viser oss at samfunnet treng meir historisk forsking. Delvis skuldast det manglar ved, og pervertering av kommunikasjonen på styreromma, og finanskrisa viser oss at samfunnet treng meir sosiologisk forsking. Delvis skuldast det at mytar har erstatta kunnskap hos økonomar, aksjemeklarar og journalistar, og finanskrisa viser oss at samfunnet treng folkloristisk forsking. Og slik kunne eg ha halde fram. Men det interessante er kva dei to rektorlaga meiner med universitetet si samfunnstilknyting? Liisberg er opptatt av forskingstida på Det juridiske fakultet. Eg ser altså ikkje problemet. Derimot ser eg problemet med at satsinga på forskingsfellesskapar og forskingsadministrasjon må aukast monaleg om UiB skal verta eit internasjonalt viktig universitet, at ein må laga strukturar slik at forskarar i ulike periodar får bruka ulike sider av seg, at ein må sikra rekruttering av dei med forskingspotensiale som ikkje passar inn i rigide og stringente undervisningsstrukturar, og at ein må setja seg ned å klart definera kva ein meiner med eit universitet med samfunnstilknyting.