Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det humanistiske fakultetet arbeider for tida med ein ny budsjettfordelingsmodell. Det ser ut til å bere aldeles gale av stad. Kvifor? Fordi fakultetsleiinga bruker omgrepet «fag» som rekneeining utan å avklare kva som er meint. Dei tek ikkje høgd for at dei fagområda dei finn det for godt å kalle «fag», tilbyd alt frå enkelt oppbygde fagstudium til heile konglomerat av studietilbod. I fakultetsstyresak 66 skisserer fakultetsleiinga ulike modellar for utrekning av kor mange stillingar dei ulike «faga» treng for å drive undervisninga si. Det mest aktuelle alternativet, seier fakultetsleiinga, er ein modell som er «basert på en kombinasjon av en basisressurs per fag samt avlagte årsenheter», og dette «er en teoretisk modell for fordeling av vitenskapelige stillingsressurser». Fakultetsleiinga vedgår rett nok at «det er særegenheter innenfor fagene som gjør at de er vanskelig å sammenligne», og fleire fagområde har peikt på «at det er flere fag innenfor faget [!] eller programmet, noe det bør vurderes tatt hensyn til i form av høyere basis stillingsressurs». Men hovudproblemet er nettopp at fakultetsleiinga vil rekne ut basisressursen med utgangspunkt i det ekstremt vage omgrepet «fag» – i staden for å avgjere kva studium vi skal tilby, og så fordele ressursane på dei. La oss sjå på korleis den «teoretiske» modellen slår ut. Vi samanliknar nordisk med teatervitskap. (Teatervitskap er valt fordi det som «fag» skil seg markert frå nordisk.) Begge «faga» har i illustrasjonane av modellen (i vedlegg til styresaka) fått ein basisressurs på 2,5 stillingar. Det er vel rettferdig? Ja, det ville ha vore rettferdig dersom «faga» nordisk og teatervitskap hadde stått for studietilbod av same omfang. Det gjer dei ikkje. Faget teatervitskap har følgjande studietilbod: * spesialisering i teatervitskap «Faget» nordisk har følgjande studietilbod: * spesialisering i nordisk språk og litteratur Det er rett nok ei viss overlapping mellom nokre av desse studietilboda i nordiske fag. Til gjengjeld har eg utelate fleire andre studietilbod som tilsette på nordisk òg dekkjer (retorikk, islandsk, Scandinavian area studies o.a.). Så lista gjev eit rimeleg bilete av kva vi driv med på nordisk. Med ein basisressurs på 2,5 stillingar er det ikkje utenkjeleg at eit «fag» kan klare å tilby éi spesialisering og eitt masterstudium. Kanskje har nordisk dessutan såpass mange studentar at det gjev grunnlag for nokre stillingar til. Men det seier seg sjølv at vi ikkje kan halde fram med å tilby studia ovanfor dersom fakultetet held fram med å telje «faget» nordisk på éin finger. På lang sikt må i så fall fakultetet førebu seg på å leggje ned to spesialiseringar, eitt masterstudium, all lærarutdanning i norsk, to fjernstudium – med meir. Dersom dét er målet til fakultetsleiinga, er modellen veleigna. Det er berre å vente på at skokken av overtalige nordistar går av med pensjon. Nei – den fagbaserte fordelingsmodellen til fakultetsleiinga er ubrukeleg, ikkje berre for nordisk, men for alle fagområde med studietilbod ut over éi spesialisering og eitt masterstudium – t.d. alle med fjernundervisning eller fagdidaktikk. Etter planen skal modellen vedtakast av fakultetsstyret først i november. Men han er ikkje meir «teoretisk» enn at fakultetsleiinga allereie no, i handsaminga av budsjettet for 2011, bruker han som heimel for å grunngje at somme fag skal miste stillingar og andre ikkje. Ein ny fordelingsmodell må baserast på kva studietilbod fakultetet ønskjer å tilby. Berre når ein veit kva ein skal fordele ressursane på, er det meining i å prøve å rekne seg fram til fordelinga.
* master i teatervitskap
* spesialisering i norsk som andrespråk («lærarfaget», ikkje norskkurs for utlendingar)
* spesialisering i norrøn filologi
* masterstudium i nordisk språk og litteratur
* masterstudium i norrøn filologi
* årsstudium i nordisk språk og litteratur (fjernstudium)
* halvårsstudium i norsk som andrespråk (fjernstudium)
* fagdidaktikk og praksisbesøk på lektorutdanninga
* fagdidaktikk og praksisbesøk på PPU i norsk
* fagdidaktikk og praksisbesøk på PPU i norsk som andrespråk