Omstilling av SEVU, nedbygging av EVU, kva vil rektorteama?

Som kjent har universitetsstyret i meir enn eitt år diskutert organiseringa av etter- og vidareutdanning (EVU) ved Universitetet i Bergen. Temperaturen har til tider vore høg, det har spaltene i På Høyden gjeve fleire døme på den siste tida. Universitetsstyret har i fleire møte understreka at EVU er viktig, at fagmiljøa (institutt og fakultet) skal ta eit hovudansvar for feltet, men òg at UiB skal ha eit sterkt sentralt kompetanseorgan som kan koordinera denne verksemda. Eit slikt organ har UiB hatt i meir enn to tiår gjennom Senter for etter- og vidareutdanning (SEVU).

Likevel får vi rundt på institutta tydelege signal om at vi no skal ta over det meste av administrasjonen av vidareutdanningstiboda våre. Det ser faktisk ut til at Senter for etter- og vidareutdanning (SEVU) skal avviklast gjennom omstillingssak. Denne omstillingssaka figurerer ikkje i noko saksdokument frå universitetsstyret. Det er eit påfallande og uforståeleg avvik mellom denne omstillingsaka og det som faktisk (ikkje) står skrive om SEVU i styredokumenta. Det er derfor forståeleg at både SEVU sjølv og mange fagmiljø er sterkt urolege for at aktivitetsnivået innanfor EVU skal gå ned – særleg dersom det skjer som utilsikta verknader av styrevedtak.

Ved LLE har vi fire viktige fjernundervisningstilbod på deltid for vaksne, yrkesaktive  studentar rundt i Noreg og elles i verda, til saman er dei på 165 studiepoeng. Tre av tilboda er reine nettstudium (pilotarbeid og eit DigUiB i seg sjølv) .  Alle har dei fått utviklingsstøtte frå Norgesuniversitetet (NUV), og har vore i samanhangande drift sidan dei vart sette i gang, eitt heilt sidan 1993,  to sidan 1999 og eitt sidan 2010. I desse dagar kan særleg instituttet, fakultetet og universitetet rosa seg av fjernundervisningstilbodet Prisme, som i 2012 har fått både Sporveugleprisen og Ugleprisen, og som no er kandidat til den nasjonale prisen for utdanningskvalitet.

Det som står heilt klårt for oss på LLE, er at ingen av desse tilboda hadde komme i gang utan SEVU, som har vore viktige støttespelarar og samarbeidspartnarar heile vegen: då søknadene til NUV vart utarbeidd, som prosjektleiarar og samtalepartar om pedagogiske og teknologiske spørsmål i utviklingarbeidet, og som entusiastiske og erfarne pådrivarar, administratorar og studentstøtte i driftfasane.

Her frå instituttsynsvinkel er det altså ingen tvil om at universitetet treng eit organ som SEVU og den samla kompetansen dei har opparbeidd sidan 1990. Det er vanskeleg å sjå for seg korleis eit institutt kan makta å halda oppe desse etterspurde tilboda utan den slagkrafta som SEVU representerer, langt mindre skapa nye. Skal eit institutt auka innsatsen for EVU, må det anten føra med seg ei kraftig oppbemanning, eller det vil måtta gå ut over campusstudentane.

Alt dette har vi gong på gong sagt klårt frå om der vi har fått sjansen. Det same har andre institutt gjort. Vi har vondt for å sjå grunngjevinga for dei planlagde endringane.

Denne saka er så viktig at ho kunne fortena ein plass i rektorvalkampen. Det ser ikkje ut som om etter- og vidareutdanning er tiltenkt nokon viktig plass i den, sjølv om det er tidleg og berre to team har meldt seg. Det valmaterialet som Team Atakan har publisert, handlar om grunnleggjande verdiar, og der finn vi førebels ingen ting spesifikt om  etter- og vidareutdanning. Team Olsen har derimot  i manifestet sitt – under hovudmottoet ”kunnskap som former samfunnet” – sagt at ein vil “Vurdere ulike modeller for organisering av etter- og videreutdanningsvirksomheten”.

Oppsummert vil dette då seia at det eine rektorteamet førebels ikkje har ytra seg om etter- og vidareutdanning, medan det andre teamet kan risikera å komma for seint til bordet. Det hjelper vel ikkje så mykje om eit nytt rektorat set i gang med å vurdera nye og effektive modellar dersom det etablerte kunnskapsorganet, SEVU, i mellomtida er demontert og kompetansen fragmentert og spreidd.

Ein må tru at arbeidet med omorganisering av EVU byggjer på positive intensjonar og god vilje: EVU-aktivitetane ved UiB skal opp, ikkje ned. Ser rektorkandidatane at nedbygging av SEVU faktisk er ei reell problemstilling? Kan det vera ei styrking å tillata oppsmuldring av eit godt fungerande kompetansemiljø som vi og dei andre fagmiljøa med mykje vidareutdanning seier at dei treng?

 

Powered by Labrador CMS