Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Da Kåre Rommetveit for to år sidan slutta som universitetsdirektør og gjekk over i anna stilling ved Universitetet i Bergen, skjedde det med fullstendig lokk på saka. Resultatet vart naturleg nok spekulasjonar og tilløp til ryktedanning. I det siste har universitetsleiinga hatt ein prosess gåande for å avslutte Rommetveits arbeidsforhold, og i den samanhengen har det blant anna vore innlegg i dagspressa som på nytt har kunna gi næring til rykter og mistankar. Etter det vi forstår, viser universitetsleiinga til personvernet som grunn til å halde saka stengt for offentleg innsyn. Men gir denne saksbehandlinga verkeleg vern for rettane til ein arbeidstakar? Både av omsyn til universitetets omdømme som open og demokratisk institusjon og med tanke på Rommetveits situasjon og ettermæle, krev vi at universitetets styre nå går ut og gjer det klart at det ikkje heftar noko misleg ved den tidlegare universitetsdirektørens avgang. Det er viktig å diskutere korleis universitetet skal styrast og korleis ansvars- og kompetanseforholdet skal vere mellom rektor og universitetsdirektør. Men det er urovekkande når ein slik diskusjon blir definert som personalsak og behandla bak styrets stengde dør. Vi som skriv dette, har eit langt arbeidsforhold ved Universitetet i Bergen. Vi sat begge som medlemmer i Det Akademiske Kollegium i seks år, og har lang erfaring frå tillitsverv i forskningsråda. Etter vår vurdering har universitetet ved Kåre Rommetveits avgang ikkje berre mist ein uvanleg dyktig og handlekraftig leiar. Vi må også klare oss utan hans sterke kompetanse på eit felt som eit moderne universitet ikkje kan ignorere, nemleg forholdet til det omliggande samfunnet – lokalt, regionalt og nasjonalt; økonomisk, kulturelt og politisk. Rommetveit har nytta denne kompetansen i utviklinga av UiB til ein moderne forsknings- og undervisningsinstitusjon. At ikkje alle har vore samde i alle trekka ved denne utviklinga, burde ikkje hindre at Rommetveits innsats som leiar får den anerkjenninga den fortener. Universitetsleiingas stadige ”ingen kommentar” bidrar diverre til det motsette, nemleg til diffus mistenkeleggjering av ein fortenestefull medarbeidar. Dette er uklokt, og kan skade institusjonens demokratiske omdømme.