Staten bør ta tak for å løyse floken i lønsoppgjeret i år, meiner Steinar Vagstad. Biletet er frå streiken i 2015 mot endringar i Arbeidsmiljølova.

Overrapportering av Akademikerne?

Publisert

Leder Anders Kvam i Akademikerne Stat kjem med ein del fornuftige synspunkt i På Høyden-intervjuet 29.9. Eg tolkar han dit hen at også Akademikerne meiner at skeivfordelinga av lokale forhandlingspottar er uheldig, og eg er glad for at han så tydeleg gjev uttrykk for at også Akademikerne ønskjer at dette blir gjort riktig: «Hvis dette hadde vært gjort lokalt ville det gitt trygghet for en entydig sammenheng mellom de det forhandles for, og de det skal fordeles mellom». Dette er kjerna i problemet med KMDs handtering av dei lokale lønsforhandlingane – denne tryggleiken er fullstendig fråverande: vi veit at denne eintydige samanhengen er erstatta av noko som på mystisk vis systematisk favoriserer Akademikerne og hindrar oss andre i å få dei lokale lønnstillegga som er avtalt i hovedtariffavtalen.

Det er ikkje for seint å gjere dette riktig

Men det er ikkje for seint å gjere dette riktig: så vidt eg kjenner til er ingen forhandlingsprotokoll for lokale forhandlingar signert. Basert på den inndelinga i forhandlingsområde som allereie er gjort lokalt er det svært enkelt å rekne ut lokale lønnsmasser og dermed lokale pottar som er riktige i forhold til dei to hovedtariffavtalane som er inngått. (Vi har jo allereie fått oppgitt slike lønnsmassetal frå lokal arbeidsgjevar, men for alt eg veit kan det ha vore gjort justeringar i namnelistene etter at lønnsmassane blei rekna ut. Det gjer i såfall ingen ting – dette er veldig enkelt å oppdatere!)

Det einaste som trengs er eit klarsignal frå Statens personaldirektør/KMD om at det er lov å drive lokal justering av den sentralt berekna pottfordelinga som er belemra med så store og systematiske feil. Det er skremmande at Statens personaldirektør verkar å vere mest opptatt av at påviste feil IKKJE skal kunne rettast opp. Statens personaldirektør kan ikkje dekke seg bak at ”utrekning av avsetnadane til lokale tingingar er gjennomført slik vi har avtalt med hovudsamanslutningane”, og at KMD berre gjer ”ei reint teknisk fordeling ut frå det som er avtalt, og gjer ingen ytterlegare vurderingar av einskildtilfelle”. KMD treng ikkje å gjere ei einaste vurdering av einskildtilfelle – berre opne for at dette kan gjerast lokalt. KMDs handtering av pottfordelinga er ein skam for det som ofte blir rekna for ei kompetent statsforvaltning. Når dei så tydeleg ikkje er i stand til å ordne opp sjølv, kan dei i det minste tillate at verksemdene kan gjere det.

KMDs handtering av pottfordelinga er ein skam for det som ofte blir rekna for ei kompetent statsforvaltning

Eg har ikkje namnelistene som ligg til grunn for KMDs pottutrekningar, og heller ikkje lista over kven som høyrer inn under Akademikernes forhandlingsområde lokalt. Men enkel prosentrekning fortel meg at KMDs liste må vere lengre enn den lokale lista: ein del personar har bidratt til at KMD har tildelt Akademikerne ein stor pott, men har lokalt valgt UNIO/YS/LO sin hovedtariffavtale. Anders Kvam har rett i at lokal underrapportering av Akademikerne-medlemmer kan vere ei like god forklaring som sentral overrapportering – det er økonomiske insentiv til begge deler. Det er ikkje veldig viktig for resultatet: både sentral overrapportering og lokal underrapportering av Akademikerne-medlemmer vil gje manglande samanheng mellom ”de det forhandles for, og de det skal fordeles mellom”, som Kvam så presist uttrykkjer det. Denne manglande samanhengen er Akademikerne og arbeidsgjevars felles ansvar. Alle andre har vore fullstendig utestengde frå arbeidet med namnelistene.

Denne manglande samanhengen er Akademikerne og arbeidsgjevars felles ansvar

Men det finst altså ein enkel måte å redde situasjonen på. Viss Statens personaldirektør vil.

Powered by Labrador CMS