Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Stein Kuhnle kjem den 1. april med ein kritikk av På Høyden, og det han meiner er ei ”skandaløs behandling” av Gudmund Hernes. Kuhnle ser ut til å meina at På Høyden burde lata vere å skriva om CROP-saka og Tom Skauge sin avgang som forskingsleiar. Hva er det som er skjedd i På Høyden som bevirker en fullstendig endring av redaksjonell linje og vurdering fra det tidspunkt Gudmund Hernes blir avvist fredag 27.mars – med begrunnelsen at dette var BTs sak - til saken kjøres som egen sak med full styrke fra og med tirsdag 31.mars? spør Kuhnle. Dette er enkelt å svara på. Då Skauge tok bladet frå munnen og valde å fortelja sin versjon av historia, var det På Høyden si plikt å lata både han og Sigmund Grønmo koma til orde. Etter at Bergens Tidende skreiv om saka kontakta På Høyden Tom Skauge. Han var i Alexandria, og det lukkast ikkje På Høyden å få gjennomført eit intervju med han. Sidan Skauge ikkje gjekk ut med nokon direkte kritikk, valde redaksjonen å ikkje skriva om saka. Som Kuhnle refererer til, publiserte På Høyden på dette tidspunktet ikkje innlegget frå Gudmund Hernes, der han utelukkande kritiserte BT for noko dei – og ikkje På Høyden – hadde skrive. Dette vart han informert om. Heller ikkje eit innlegg frå Else Øyen, tidlegare CROP-leiar, vart publisert. Derimot publiserte me eit lesarinnlegg skrive av Grønmo med fleire, med forklaring på kva som hadde hendt i CROP-saka ut frå deira synspunkt. Då Tom Skauge likevel uoppfordra tok kontakt med På Høyden i form av eit lesarinnlegg, valde me å setja fokus på emnet. Skauge hadde ikkje uttalt seg i BT, men då han valde å gjera det til På Høyden, såg redaksjonen på det som ei utvikling i saka. Dette gjorde det naudsynt for oss å skriva om ho. Det vart gjort eit intervju med Skauge, samt at rektor Sigmund Grønmo fekk svara på kritikken som vart retta mot han i den same artikkelen. For å få fram alle aspekt publiserte me då også lesarinnlegget til Else Øyen, samt Gudmund Hernes sitt lesarinnlegg med kritikk av BT si handsaming av saka. At Hernes sitt innlegg vart publisert nemner ikkje Kuhnle i sin kritikk av På Høyden. Som Kuhnle påpeiker kom også rektor Sigmund Grønmo, viserektor Kjersti Fløttum og dekanus Alf Erling Risa til orde med nok eit innlegg. Eg er på ingen måte samd i at å skriva om CROP-saka representerer ”en fullstendig endring av redaksjonell linje”, slik Kuhnle hevdar i sitt innlegg.