På universitetet må vi minst vera tospråklege

Publisert

Professor Helge Sandøy har skrive eit innlegg om bruk av norsk, engelsk og andre språk i undervisning og forskning på universitetet. Utgangspunktet for innlegget er spørsmålet om norsk som publiserings- og forskningsspråk, som blei reist på presentasjonsmøtet på HF 4. april. Diverre blei det for lite tid til å gå serleg djupt inn i denne saka på dette møtet, men vonaleg blir det høve å koma tilbake til temaet ein annan gong.

I innlegget sitt har Sandøy fleire kommentarar som peiker på styrken ved å vera tospråkleg i fagleg verksemd. Eg er heilt samd når han seier at ved å måtta uttrykke tankar i skrift og tale i fleire språk, får vi ein gevinst i form av betre presisjon, kvassare tankar, ja til og med betre evne til observasjon. Bruk av minst to språk kjem difor den faglege verksemda til gode, og bidrar slik til betre kvalitet i utdanninga.

Men det er ikkje berre eg som er oppteken av språkpolitikken på universitetet. Det siste året har universitetsstyret vore innom temaet ved minst to høve, og styret har faktisk bede om å få ei sak om dette før sommaren. Dersom alt går etter planene, skjer dette på neste styremøte (28. april), og nett no er saksframlegget under arbeid. I dette perspektivet er innlegget til Sandøy nyttig og konstruktivt, og eg har sendt det vidare til dei som arbeider med saka slik at tankane hans kan koma inn i prosessen.

Når det gjeld dei konkrete forslaga, er eg heilt samd i båe. Men eg har eit lite atterhald når det gjeld utanlandsstudentar som har anna morsmål enn engelsk og går på engelske program hos oss; dei bør i staden kunna skriva eit samandrag på sitt eige morsmål. Elles blir det allereie gitt kurs i tråd med det andre forslaget nokre stader, så her har vi røynsler å byggja på.

Elles inneheld innlegget tankar knytt til fleire konkrete tema. Til orientering vil eg opplysa at eg kjenner godt til UNESCO-resolusjonen i praksis gjennom samarbeidet som IUPAC (International Union of Pure and Applied Chemistry) der eg er President, har med UNESCO i Afrika. Her dreier det seg om drøftingar om omsetjing av læremiddel frå fransk og engelsk til ulike afrikanske språk i Vest-Afrika. Vidare kjenner eg til IAU sitt arbeid og vektlegginga av ”wealth of diversity” gjennom vervet mitt som leiar av utdanningsutvalet i Universitets- og høgskolerådet.

Når det gjeld møtet i Trondheim i 2003, så har Sandøy rett: eg var ikkje der. Men dersom eg blir vald til rektor, reiser eg til Helsinki i september for å vera med på møtet ”Bi- and multilingual universities – challenges and future prospects” som skal ta opp mange viktige og interessante tema i eit nordisk perspektiv. Det ser eg fram til.

Til slutt: Spørsmåla Sandøy tek opp i innlegget sitt, er gode døme på saker som eg ynskjer å drøfta i grunnmiljøa dersom eg blir vald til rektor og kjem på instituttbesøk.

Powered by Labrador CMS