Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Norske universitet hadde ei kraftig vekst frå midten av 60-talet og framover eitt tiår. Det gir seg no utslag i at det er stor avgang grunna oppnådd pensjonsalder.
Dersom det er mulig vil nokre slutta tidlegast råd er, andre står til vanleg pansjonsalder og nokre få professorar held ut til dei fyller 70 år. Universiteta har prøvd, men ikkje fått til ein vellukka aktiv pansjoneringspolitikk med valgalternativ. Dette skuldast hovudsaklig den vanskelige økonomiske stoda til universiteta den siste tiårsperioden. Me vert jo m.a. ikkje førtidspensjonerte grunna endra økonomi slik det skjer ofte i det private næringslivet.
Ei stund var det til ein viss grad høve til å få såkalla seniorstipend. Ordninga var truleg for god til at den kunne vara ved!
Etter oppnådd pensjonsalder- og ordning er tydelig ynskja til dei einskilte professorane ulike. Nokon vil kanskje hanga med så lengre som dei klarar, andre er glade for at dei kan komma vekk frå arbeidsstaden for å gjera andre ting.
Kva tilbud gjev universiteta så dei som føler at dei framleis kan gi noko og no kan få høve til å fokusera på vitskapleg arbeid som har blitt lagt til side grunna krevande rutiner og undervising? Praksis er tydeligvis ulik på ulike avdelingar og institutt både på vårt universitet og dei andre universiteta i Norge; og i utlandet for den saks skuld. Nokre “emeritusar” får tildelt kontor og bra arbeidshøve. Dei vert hedra og kollegar set pris på at dei vil halda fram. Dei vert synt respekt for innsatsen dei har gjort gjennom åra. Andre stader må dei stå med huva i handa og be fint om ein liten pult på “loftet”. Etter ein mannsalder med stor innsats er dette respektlaust og tyder på mangel på elementær folkeskikk. Om no ein og annan kjem til å opptre som “sjuande far i huset” trur eg det ville vore bra, for me treng nokon til å minna oss når me gong og igjen finn opp krutet på nytt!
Det burde vore avsett midlar til dei institutta som vil gjera litt heider på sine veteranar slik at ein kan laga til brukande arbeisstader. Dei fleste vil ikkje kreva mykje. Då kan det verta meir lik handsaming og ein er ikkje så prisgitt instituttets areal- eller personsituasjon.
På min noverande arbeidsplass fekk 70-åringen, professor Eric Kandel, nobelprisen i medisin for sitt arbeid i nevrobiologi sist år. Aktiviteten hans her på Columbia vil ikkje bli redusert grunna av at han har lagt bak seg dei magiske åra 70!
Ein bør ikkje berre vera i Nobelprisligaen for å få slik handsaming!