Publisering og etikk i klimaforsking

Publisert

Grunnstammen i all vitskapleg forskingsformidling er at dette går for seg på ein ryddig og upartisk måte. Eit seriøst vitskapleg tidsskrift bør ha ein uavhengig redaktør samt eit effektivt referee-system (fagfellevurdering). Normalt vil innsende manuskript bli vurdert av tre uavhengige, anonyme ekspertar i fagområde. Eit slikt system er fundamentalt for at forskingsresultat skal ha truverde blant folk. Spesielt i felt der det rår fagleg usemje blant forskarar er det ekstra viktig at prosessen er ryddig og oversiktleg.

Eit av dei store stridsspørsmåla for tida er om vi opplever naturlege endringar i klima eller om dei for ein stor del er menneskeskapte på grunn av auka utslepp av CO2. Her har FNs klimapanel (IPCC) teke eit klart standpunkt for det siste alternativet, basert på eit utvalg av artiklar publisert i fagfellevurderte tidsskrift.

Sist veke fekk vi grunn til å tvile på om denne prosessen verkeleg fylgjer ein normal etisk standard for publisering. Mest truleg er det ein varslar (eller moldvarp) som har sett seg lei på ukulturen innan systemet og på ulovleg vis skaffa seg tilgang på e-postfiler frå Climate Research Unit (CRU) ved University of East Anglia. Om lag 1000 e-postar ligg no på nettet – det meste av dette er heilt vanleg korrespondanse mellom forskarar. Men det kjem også fram eit tydeleg mønster som syner at ein dominant elite, sentrale personar  i utforminga av FNs klimarapport, prøver å manipulere systemet. Tema som blir diskutert er m.a. korleis hindre at manuskript frå dei som er skeptiske til FNs klimarapport blir akseptert for publisering.  Ein metode er å pressa ut ”uvennlege” redaktørar som slepper gjennom ”feile” synspunkt. Andre måtar er å sikra seg kontroll med referee-systemet og diskreditere tidsskrift som ikkje er samarbeidsvillige.  Her er det klart at vi står overfor bevisst fusk som i verste fall har hatt stor innverknad på konklusjonen til IPCC. For å illustrere strategien vil eg referere til nokre  typiske døme.  Det første gjeld  korleis ein  publikasjon dei ikkje likte blei omtalt av Michael Mann (far til den famøse Hockeykølle-grafen). Han meiner at referee-prossesen har blitt ”hijacked ” av nokre få klimaskeptikarar i redaksjonen og at skeptikarane har funne ei løysing på å ta over tidsskriftet Climate Research! Mann oppfordrar kollegaene sine til ikkje lenger å sende, eller sitere artiklar i dette tidsskriftet. Han meiner og at dei bør vurdere kva krav dei skal stille til sine ”meir fornuftige” kollegaer som for tida sit i redaksjonsstyret. Sjølv vil han sende e-post til tidsskriftet for å fortelje dei at han vil ikkje ha meir med dei å gjere før dei har kvitta seg med denne brysomme redaktøren.

Eit anna døme gjeld å bli kvitt redaktør Saiters i det vel respekterte tidsskriftet, GRL (Geophys. Res. Letter). Dei foreslår å gå gjennom den offisielle AGU kanalen for å kvitta seg med Saiters, - som faktisk blei sagt opp kort etter! 

Professor Wegman, som sto bak ein kritisk rapport av analysemetodane til IPCC, viste korleis ei gruppe av klimaforskarar publiserte og fagfellevurderte arbeid til kvarandre. Han uttaler no: I was always suspicious about why peer review was such a big deal. Now all my suspicions are confirmed. The emails revealed how they controlled the process, including manipulating some of the major journals like Science and Nature.

Eit anna sentralt punkt som er diskutert i e-postane er korleis hindre at rådata blir frigjort slik at dei kan etterprøvast av andre forskarar. Problemet er Freedom of Information Act  (FOIA) som gjeld i England. Her er du forplikta til å oppgi bakgrunnsmateriale. For å komme ut av denne knipa blei det vurdert å slette data. To av dei fremste kritikarane av ”Hockeykølle-kurva” er dei  kanadiske forskarane McIntyre og McKitrick (MM). Phil Jones, leiar for CRU skriv at dei to MMŽane  har prøvd i årevis å få tak i CRU stasjondata. Dersom MM får høyre om FOIA vil Jones  vurder å slette filene heller enn å sende dei til nokon.

Ein australsk forskar som ba om data fekk som svar at kvifor skulle Mann gjere dataene tilgjengeleg når målet til denne forskaren var å finne at noe var gale. Men er det ikkje slik forskning skal fungere – få kritiske tilbakemeldingar?

Bortsett frå å hindre andre i å publisere og få tilgang på data avslører den ”harde kjerne”  tvilsame metodar om korleis dei kan ”gøyme vekk” ubehagelege resultat. Keith Briffa skriv mellom anna at  han prøvde hardt å balansere nødvendinge vitskaplege prinsipp med krav frå IPCC og at det ikkje allltid var så lett!  Det er tydeleg at gruppa er frustret over at modellen ikkje alltid stemmer med naturen. Ein stad skriv Kevin Trenberth at faktum er at dei ikkje kan gjere greie for mangel på global oppvarming for tida, og at det er ein parodi at dei ikkje det kan!

Konklusjon: Inntrykket som festar seg er at ein relativt liten, dominerande klimaelite prøver å tilpasse data til ei ”hellig” overtyding om menneskeskapt global oppvarming. Samstundes prøver dei å hindre at kritiske synspunkt blir publisert. Desse personane er også med på å utforme IPCC sine rapportar basert på databasane til Hadley og CRU.
Tendensar til ”kameraderi” og fagfellevurdering frå ”venner” førekjem sikkert og i andre fagmiljø, men vonaleg ikkje med så grove overtramp som dei vi har sett i denne saka.
Utvalget for forskingsetikk bør være på vakt dersom dei ser teikn til at referee-systemet blir misbrukt også her i landet.

På Høyden er ikkje ansvarleg for innhaldet på eksterne sider. Red.

Powered by Labrador CMS