Regionalisering - sett frå Oslo

Publisert

Oslo bryt ut av den norske nasjonen: “Om noen år vil vi som bor i Oslo heller feire Oslo-dagen 15. mai enn 17. mai. 17. mai vil bli redusert til en vanlig dag da Oslo-folk går til arbeidet sitt som vanlig.”

Eg vil her lansera ein heilt motsett hypotese: Den nasjonalfeiringa som vil overleva lengst i Norge er Barnetoget som defilerer forbi Slottet til Den norske Konge i Oslo 17. mai. Grunnen til dette er at Oslo er sentrum i den norske nasjonalstaten og vil i framtida måtta forsvara denne funksjonen med nebb og klør for ikkje å enda i ei tung bakevje. Regionane i Norge, i første rekkje Vestlandet og seinare Nord Norge, er det som vil bli regionar i eit Europa og dei vil søkja direkte ut i ei global verd utan å gå omvegen om Oslo. Me ser tendensane: Når folk frå Vestlandet skal ut i verda, reiser dei ikkje omvegen via den norske hovedflyplassen på Gardermoen, men direkte til Kastrup, Frankfurt, Amsterdam eller London.

I lys av folkerøystingane om EU kan dette synast paradoksalt. Viljen til å sprengja nasjonalstaten var størst i Oslo/Akershus (Ja-prosent i 1994: 65) mens Vestlandet (Rogaland,Hordaland, Sogn og Fjordane) hadde klart fleirtal mot medlemsskap, tilliks med Nord-Norge. Men dette kan forståast slik: I Oslo vann eit kortsiktig perspektiv knytt til interessene til ein konkurranseutsett finanskapital; i distrikta, der dei reelle verdiane i stor grad blir skapt, vann langsiktige produksjonsomsyn fram.

La oss utdjupa argumentasjonen.

For det første: Oslo som sentrum i den norske nasjonalstaten: Det var som ein del av Hansaen at handelskapitalismen fekk sitt gjennombrot i Norge, nærare bestemt i Bergen. Men den industrielle revolusjonen kom ikkje her, men med Oslo som sentrum. Oslo passerte Bergen som største byen i Norge før 1850 og blei ei sentrum for industriell produksjon fram til midten av 1900-talet. Med den industrielle revolusjonen kom den nasjonale. Nasjonalstaten som ein særeigen form for stat, blei bygd med Oslo som sentrum frå 1814. Dei nasjonalstatlege institusjonane kom her: Det norske Storting, Den norske Regjering, og etterkvart, etter 1905, Den norske Kongen og Slottet hans. Som politisk sentrum blei det naturleg at alle viktige nasjonale samanslutningar, interesseorganisasjonar, har hovedsete i Oslo. (NHO (tidlegare Norsk Arbeidsgiverforening), LO (Den norske Landsorganisasjonen), og mange hundre andre).

Nasjonen er ein forestilt fellesskap, og dei viktigaste åndelege eller kulturelle institusjonane som framelska den nasjonale fellesskapen, blei lagt til Oslo: Nasjonalteatret, Nasjonalmuseet, Det norske teater (! med nynorsk som språk!), Norsk Rikskringkasting (sjå Telefonkatalogen for Oslo for ei lang, lang liste over alle dei Norske institusjonane som er samla her). Og i Kristiania kom Det Kongelige Fredriks Universitet, i nesten 150 år det einaste universitetet i landet. Riksavisene, med VG og Dagbladet mellom dei største, kjem ut i Oslo. Gjennom desse rår ein sentral åndselite, godt blanda med taboloid, globaliseret søppeljournalistikk.

Nasjonalkapitalismen (den norske staten si direkte styring med økonomien) har tilsvarande sine sentrale institusjonar i Oslo: Norges Bank, Den norske bank, Børsen, Norsk Hydro? Og dei velferdsstatlege, omfordelande institusjonane er her med titusener av tilsette: Rikstrygdeverket, Rikshospitalet?

Det er ikkje rart at den forestillinga spreier seg at det er i Oslo det skjer i Norge. Ja endåtil den tanken at det går ein nettostraum av verdiar frå Oslo og ut i distrikta, ein pengestraum som gjer det muleg for distrikta å overleva. Men det er altså omvendt, og her er eg ved det andre hovedargumentet: Oslo si rolle som realverdiskapande sentrum har minka dramatisk, mens verdiane som i dag gjer Norge til eit av dei mest velståande landa i verda, blir produserte i periferiane utanfor Oslo. Dette blei grundig dokumentert av rapportar som blei lagt fram på Vestlandskonferansen nyleg, og referert i Bergens Tidende 19. juni.

Det har skjedd store strukturendringar i norsk økonomi det siste kvarte hundreåret. Råstofftilgangen (olje, gass, fisk, energi), realverdiane, har ført til skifte i produksjonsforholda. Oslo-området er blitt meir og meir eit administrasjonssenter for ein økonomi som har basis i periferiane. Først og fremst Vestlandet, men Nord-Norge vil kunna følja etter.

Politiske uttrykk for desse strukturendringane er tendensar til at folk i periferien sluttar seg saman mot nasjonalstaten sitt sentrum, Oslo. Fylkeskommunane vestpå vil om ikkje lenge bli erstatta av eit Vestlandsråd. Kimer til eit nord-norsk “opprør” har me alt sett. Ordførarar og kommunar klagar på manglande ressursar til å realisera den nasjonale politikken som blir pålagt frå Oslo. Regionaviser og lokalaviser blomstrar, medan dei store riksavisene i Oslo har problem. Fylker i periferien opprettar eigne kontor i Bryssel. I eit framtidig regionalt Europa, er det ikkje Madrid, Roma, Berlin og Oslo som vil telja sterkast, men Katalonia (Barcelona), Nord-Italia (Milano), Frankfurt og Vestlandet (Stavanger-Haugesund-Bergen -Ålesund).

Med økonomi og politikk føljer identitet. Og i så måte er det alt mykje å byggja vidare på, som den nynorske språkkulturen. “All historie tilsier at desintegrasjon følger etter integrasjon”, argumenterer urbanisten Erling Fossen. Det er mykje empiriske støtte for ein slik tese. Og det bør uroa Fossen. Når og dersom den norske nasjonalstaten blir svekka, vil sentrum for denne statsdanninga desintegrera. Utflyttinga av statsinstitusjonar, iverksett av ein Høgrestatsråd, blei møtt med sterke protestar. Frå Oslo. Og det kan bli langt meir alvorlege ting å forsvara seg mot. Og stadig mindre å feira på Oslo-dagen 15. mai i åra som kjem.

Powered by Labrador CMS