Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Tariffoppgjeret i år ofrar igjen førsteamanuensis-stillingane. Totalt kjem førsteamanuensis ut med ca 4,6 prosent lønnstillegg. Det er knapt nok til å dekke inflasjonen. I realiteten er det igjen reallønsnedgong for denne gruppa. Vi veit at vi aldri får noe i justeringsforhandlingane eller i lokale forhandlingar. Ein lektor med opprykk i vidaregåande skule er i ca lønnstrinn 64 og vil etter oppgjeret i vår rykke enno meir i frå. Førsteamanuensar ved UiB oppfordrar alle til å seie nei til tariffoppgjeret. Streik nyttar til tross for våre tillitsmenn/kvinner sine påstandar om det motsette. Utan streik ville lektorane framleis stått på ca lønnstrinn 56. Difor: Er du ein førsteamanuensis som tar alle pliktoppgåvene dine på instituttet, men opplever at det blir brukt mot deg ved alle vurderingar; stem nei! Lurer du på kvifor dr.graden din kostar deg mange lønnstrinn (t.d. samanlikna med lektorane eller med dei du utdannar til det private næringslivet); stem nei! Fryktar du kva det betyr for fagfelleskap, fagleg utvikling og fagmiljø på institutta at skilja mellom dei enkelte tilsette berre aukar; stem nei! Er du solidarisk med førsteamanuensis-gruppa; stem nei til tariffoppgjeret! Det er kanskje godt for noen få, men øydeleggande for dei mange. Men dette er og ein appell til alle i akademia: Tariffoppgjeret fremmer ein dårleg kunnskapspolitikk; stem nei!