Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det var med forundring eg las artikkelen om SiB-kafeane som går som det susar. Leiinga ved divisjonsdirektør Johnsen gjer det klart at millionomsetninga ikkje skal kome kundane til gode gjennom billegare mat eller utvida tilbod. I slutten av november var eg med på å skrive brev til studentkafeane på vegner av Institutt for informatikk og BCCS (Unifob) der vi ber om eit middagstilbod også nede på Høgteknologisentret (HiB). Bakgrunnen for brevet var at fleire av våre tilsette, særleg dei utanlandske, gjentekne gonger har bede om eit tilbod om varm mat. Varm mat i lunsjtida er vanleg i mange kulturar. Vi har ikkje fått svar på brevet, men det som kom til uttrykk i denne artikkelen, gir jo ikkje grunn til håp om positiv respons frå SiB. Eg vonar universitetsleiinga vil få med i masterplanen til studentkafeane at vi ønskjer å vera eit internasjonalt universitet, og at trivsel til våre utanlandske studentar og tilsette også er eit viktig moment. Studentar og tilsette ved UiB er med på å sikre millionoverskot til ei verksemd som ikkje treng å betale husleige på UiB, gjennom det såkalla ”Fri-stasjonsprinsippet”. Prinsippet gir studentsamskipnadane eit stort fortrinn framfor konkurrentane dei har. Likevel er det mange med meg som meinar at SiB ikkje er særskilt rimeleg, korkje når eg privat vil kjøpe meg lunsj, eller når vi tingar møtemat til instituttet. Diverre har kantina på HiB få konkurrentar like i nærleiken når eg treng lunsj, men vi har i større og større grad gått over til å tinge møtemat frå andre bedrifter enn SiB. Maten som kjem frå andre er ikkje berre minst like god som den SiB har, men den har dessutan synt seg å vera minst like billeg også (inkludert transportutgifter). I februar har vi planlagt eit møte med lunsj frå 12 til 13. Vi ville i samband med dette tinga ”Lille kantina” (ein avstengd del av kantina på HiB) til å ha det i. Det viste seg å vera heilt umogeleg fordi nokon andre hadde tinga den frå kl.14. Sjølv om vi lova å rydde og ordne opp etter oss sjølv for at alt skulle vera fint til klokka 13.30, var dette ikkje mogeleg å få til. Eg synes ikkje SiB utmerkar seg med å vera service-retta, men dei har kanskje andre mål for drifta? Økonomi? Sikkert ikkje, dei var jo ikkje særleg interesserte i inntektene frå leige av lokale og møtemat i februar. Kanskje dei har nok med dei 37 millionane når dei spelar monopol med UiB?