Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kollega Torodd Kinn skriv i På Høyden 3. mai om problem knytte til instituttet vårt, LLE: Instituttet er for stort og for heterogent til at ein kan få nokon fagleg fellesskap, og fagleg tilsette reagerer med galgenhumor og likesæle. Vi er mange som vil seie oss samde med Kinn her. Jamvel om mangt i arbeidskvardagen er som før og jamvel om ein har fått visse forbetringar, t.d. når det gjeld studieadministrasjon, sprikjer LLE i altfor mange retningar til at det kan vere ein sjølvstendig aktør på HF. Alternativet som Kinn målber er likevel høgst problematisk. Kinn vil nemleg dele LLE i to institutt og plassere nordisk litteratur saman med allmenn litteratur mfl. i det eine instituttet, medan nordisk språk skal plasserast saman med allmenn lingvistikk mfl. i det andre. I så fall vert nordiskfaget institusjonelt oppløyst som eiga eining. Eit slikt framlegg er ikkje nytt, men har likevel fagpolitiske konsekvensar som må kommenterast. Kinn argumenterer med at ei institusjonell oppsplitting av nordiskfaget vil vere “ei naturleg utvikling for to fag som lenge berre har vore knytte saman av nostalgiske grunnar og omsynet til norsklærarutdanninga”. Her er det for det fyrste eit spørsmål om kva som ligg i omgrepet fag. Eit elementært skilje går mellom skulefaget, studiefaget og forskingsfaget. Når det gjeld forskingsfaget er saka grei: Det har aldri funnest eit forskingsfag som berre heiter “nordisk”, berre ulike variantar av nordisk språkvitskap, nordisk litteraturvitskap og nordisk tekstvitskap. Saka er òg grei når det gjeld skulefaget “norsk”: Det finst i skulen, og der har ein ikkje noko klårt skilje mellom språk og litteratur. Komplisert vert det fyrst og fremst for studiefaget nordisk som står i eit spenningstilhøve mellom skulefaget og forskingsfaget. Sjølv om modulisering har gjort at den einskilde førelesar knapt treng å sjå over sitt vesle emne i faget, er nordisk som fag likevel ein realitet for studentane som tek faget og for det samfunnet som faget skal gå inn i. Det fører oss over til lærarutdanninga: Ein reknar med at rundt 70 prosent av nordiskstudentane vert norsklærarar, og det er ved UiB etablert ei integrert lektorutdanning med fordjuping i nordisk. Difor er omsynet til lærarutdanninga ingen bagatell. Det dreier seg om samfunnsansvaret til nordiskfaget og om legitimiteten til nordiskfaget som det viktigaste nasjonale danningsfaget. Utan lærarutdanninga ville det ikkje ha eksistert noko nordiskfag. Ei oppslitting av ansvaret for nordiskfaget i to institutt – kva kan så det føre til? Ansvarsfråskriving er eit typisk trekk ved institusjonelle oppsplittingar. Eit anna trekk er yttarlegare vern om institusjonelle grenser. Det altfor store skiljet mellom litteratur og språk vil verte forsterka. Fagemne som går på tvers, i tråd med utviklinga i skulen (t.d. knytt til det utvida tekstomgrepet), vert endå meir vanskeleg å få til. Det vert vanskelegare med masteroppgåver som går på tvers. I tillegg kjem det logistiske: Vi vil få to ulike institutt som skal koordinere nordiskfaget i lektorutdanninga med eit komplisert modulsystem, skulebesøk og praksisbesøk. Her vert det mange utfordringar og mange programmøte. I tillegg har ein utvekslingsavtalar, sommarkurs og ambulerande sendelektorstillingar i vekslevis språk og litteratur. Og kva skal ein gjere med dei to stillingane i norskdidaktikk (den eine med språkleg og den andre med litterært fokus) – dele dei på to institutt? Så til nostalgien: Nemninga nostalgi fungerer her som skjellsord, og implikaturen er at nordiskfaget som idé er tufta på ein ureflektert nasjonsbyggingsideologi. Her traderer Kinn ein kjend retorisk figur frå debatten om “krisa” i nordiskfaget det siste tiåret, t.d. formulert av Andreassen & Berge i Samtiden 3/2001. Sjølv meiner eg problemet er motsett: Problemet er at nordiskfaget har vorte avhistorisert og avnasjonalisert i tråd med den allmenne avideologiseringa av faget. Resultatet er at nordiskfaget er vorte mindre viktig. Dersom ein likevel skulle fylgje Kinn sitt framlegg, ville det ha vore logisk å gå endå meir radikalt til verks. Ein kan t.d. òg dele framandspråksfaga etter språk og litteratur, slik ein har gjort det ved Universitetet i Tromsø. Då vil vi få eitt institutt med allmenn litteratur og nordisk, tysk, spansk, fransk, engelsk, russisk litteratur, og eit tilsvarande institutt for språkfaga. Det som gjer ein slik modell meir tiltalande, er at splittinga ville vere såpass omfattande at ho ville tvinge fram institusjonelt samarbeid. Grunnen til at språkfaga ikkje har gått med på noko slikt til no, er ideen om at språkfaga som studiefag er språkspesifikke og kulturspesifikke. Men det same gjeld jo nordiskfaget. For nordiskfaget er det ei samarbeidsløysing som er meir nærliggjande enn andre, og det er eit institutt i lag med lingvistikk og allmenn litteratur. Dersom HF no innfører ei ordning med valde og ikkje tilsette styrarar, er det ikkje nødvendig å ha såpass fåe og store institutt som i dag, og dermed vil ei slik instituttløysing vere rimeleg å få til.