Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det var ikkje fritt for at eg hoppa i stolen då eg sist laurdag kunne lese i BT at «Karrieresenteret på Universitetet oppmodar studentar om å skrive søknad på bokmål – om dei vil ha jobb». Det sto å lese i kulturredaktør Hilde Sandvik sin mykje omtalte kommentar om sviket mot nynorsken – og no vil instituttleiar Johan Myking vite om det er sant.
Det første eg tenkte, var at dette kan vi ikkje ha sitjande på oss; Karrieresenteret driv då ikkje og undergrev nynorskbruken og får hundrevis av studentar til å legge om til bokmål når dei søkjer jobb. Eg skunda meg å «tvitre» til kulturredaktøren og la også ut ei melding på Facebook om at dette slett ikkje er Karrieresenteret sin offisielle politikk. Kvardagen kom, og med den tid for refleksjon rundt spørsmålet. Hadde no eigentleg Karrieresenteret ein offisiell politikk på dette feltet? Val av målform har knapt vore noko problemstilling alle dei gongene vi har gått gjennom CV og søknad for studentar som søkjer jobb. Sjølv har eg sett på dette som ei ikkje-sak, dvs. at eg knapt nok har registrert kva mål studenten har brukt, men konsentrert meg om innhaldet. Vi har lest haugevis av både gode og dårlege søknader på både nynorsk og bokmål frå geologar og antropologar, matematikarar og juristar.
Det er ei kjent sak at ein skriv best på det målet ein vanlegvis skriv, og det gjeld òg for søknadsskriving. Men så har ein den «uskrivne regelen» at ein skal svare på det målet arbeidsgjevar brukar. Eit oljeselskap som lyser ut på engelsk – og det skjer ofte – forventar svar på engelsk, og ein kommune med nynorsk som administrasjonsmål ynskjer søkjarar som kan nynorsk. Eg veit eg har sagt til studentar som har spurt, at det kan vere ein fordel å skrive søknad på nynorsk. Men så kjem det store spørsmålet: Kva med alle stillingsannonsene som er på bokmål - ca. 90 prosent tippar eg - oppmodar vi nynorskstudentane til å bruke bokmål her? «Sikkert ikkje som ein regel, men det har hendt», tvitrar Hilde Sandvik tilbake. Påstanden i BT blei ein god grunn til å drøfte praksis og til å «skaffe oss» ein politikk på området.
Eg konsulterte Språkrådet som seier at det ikkje finst nokon regel, skriven eller uskriven, om kva målform ein skal skrive søknad på. Den einaste regelen som finst i høve til mållova, er at «det offentlege» skal svare publikum på det målet dei får førespurnaden på. Når du skriv ein søknad, er du framleis ein privatperson og har ikkje fått jobben enno, ergo bør du skrive på det målet du vanlegvis skriv, seier Språkrådet. Å bygge fagleg og personleg sjølvkjensle hos studenten er ein av grunnverdiane på Karrieresenteret, og det å kunne bruke sitt eige språk er ein viktig faktor. Ein kandidat gjev utan tvil det beste inntrykket om han brukar det målet han er fortruleg med. Eg har òg tillit til at arbeidsgjevarar kjenner igjen ein god søkjar når dei ser han, uavhengig av målform.
Vi oppmodar alltid studentane til å nemne i søknaden eller på CV-en at dei skriv både nynorsk og bokmål. Det er klart t.d. Sund kommune vil vite om bokmålskandidaten kan nynorsk, og det same gjeld for nynorskbrukaren som søkjer jobb hos Statoil.
Konklusjonen er at som eit karrieresenter for universitet og høgskular i Bergen med mange studentar frå nynorskkommunar, vil vi sjølvsagt oppmode dei om å skrive søknad på det målet som er naturleg for dei - enten det er bokmål eller nynorsk, og enten utlysinga er på bokmål eller nynorsk. Gjer Karrieresenteret det motsette, vil det seie det same som å påverke ein stor del av studentane i Bergen til å gå bort frå nynorsk og over til bokmål alt før dei har fått jobben.